To har søkt på stipend for sjukepleiarstudentar

Etter at søknadsfristen gjekk ut torsdag er har kommunen fått inn to søknadar til stipendordninga for sjukepleiarstudentar.

- Vi har fått inn to søkjarar og det er eg nøgd med. Eg hadde sjølvsagt håpa at vi hadde fått inn søkjarar til alle fem stipenda, slik at vi kunne få dekka inn mangelen vi har på nyutdanna sjukepleiarar.

Det seier personalsjef Arnvid Hovland i Høyanger kommune til Ytre Sogn.



Han seier at dei uansett vil ta ein runde på neste leiarmøte i kommunen, der ein blant anna ser på om ein skal forlenge søknadsfristen, eller gå ut med ei ny og breiare utlysing. 



- Men kva som blir den endelege avgjerda i saka må eg kome tilbake til, seier han.



Det var i september at kommunestyret i Høyanger vedtok å opprette fem stipend à 150 000 kroner, med ei bindingstid på to år etter fullført sjukepleiarutdanning. I tillegg må dei arbeide i helse- og omsorgstenesta i kommunen kvar tredje helg, samt ha ferievikariat kvar sommar, under utdanninga.



Les meir i siste Ytre Sogn!