Til sommaren håpar søstrene Janne Elin og Heidi Kathrin å ta imot dei første gjestene på nye Larsgarden Tunhotell


- Det skal vere enkelt, men samtidig ha kvalitet. Nøktern luksus er kanskje den mest passande beskrivelsen, seier Janne Elin og Heidi Kathrin Osland til Ytre Sogn.

Søstrene Janne Elin og Heidi Kathrin Osland klargjer no gardstunet på Berge til å ta imot gjester på det som får namnet Larsgarden Tunhotell.

Garden ligg oppe på Berge, nesten 200 meter over fjorden.

- Plassen har så mange unike kvalitetar, som beliggenheiten ytst på ei fjellhylle der Høyangsfjorden møter Sognefjorden. Mykje arbeid har vore lagt ned av generasjonane før, ikkje minst er dei gamle steingardane til stor inspirasjon når vi no skal i gang med å konkretisere draumen, seier Janne Elin og nikkar mot Heidi-Kathrin ved sidan av ho i sofaen i det over 100 år gamle våningshuset.

Innreiinga i våningshuset er både tradisjonell og smakfull,

Vel 20 år er gått sidan ho overtok garden til besteforeldra Magne og Ingeborg. Sjølv er dei oppvaksne i Førde, men tilbrakte alle feriar i den vesle bygda, ikkje langt frå Kyrkjebø.

Tunhotellet vil bestå i eit våningshus med fire store og to små rom, og sju små hytter - eller rom – som skal stå i nedkanten av tunet. Romma vil, i motsetnad til det tradisjonelle våningshuset, vere moderne i si utforming med store opne glasflater mot fjorden og det skiftande lyset der.

- Og imellom kjem frukthagen som vart etablert i vår og som bind det heile saman, forklarar Heidi Kathrin.

Fleire av bygningane på garden er klargjort, blant anna eldhuset

Ifølgje dei to vil eit par år før hyttene er ein realitet. Men då vil også plassen ha kapasitet til å ta imot opptil 25 gjester.

- Planen er å byrje med utleige i våningshuset allereie til sommaren.

Les meir i neste Ytre Sogn!