Tre av styremedlemane i Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn (MSYS), fellesorganisasjonen for kommunane Fjaler, Hyllestad, Høyanger og Sunnfjord. F.v. Einar Rysjedal, Ingunn Kjelstad og Linn Hovlandsdal.

Tenner faklar i protest mot vindkraftplanar

Måndag kveld samlast vindkraftmotstandarar til markering på ferjekaien i Lavik.


–Dette er del av ei nasjonal markering, der målet er at stortingsvalet til hausten blir eit naturval. Markeringa i Lavik blir den første av mange slike markeringar fram mot valet, seier Einar Rysjedal, nestleiar i Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn. 

Det er dei som står bak markeringa i Lavik måndag kveld.  

– Vi tek oppstilling på kaien med faklar og banner for å synleggjere motstanden mot vindkraftplanane til selskap som Fred Olsen Renewables og Zephyr i området vårt, ikkje berre for innbyggjarar, men også for vegfarande, seier han om bakgrunnen for at dei legg arrangementet til  ferjekaien på E39,

Han viser til at det er viktig å halde trykket mot dei oppe, for å prøve å stoppe planane deira.

– Målet vårt er å få vindkraftselskapa ut av området vårt, det vil seie kommunane Fjaler, Hyllestad, Høyanger og Sunnfjord, seier Rysjedal.

– Difor kjem vi til å ha fleire slike markeringar framover. 

Men dette er altså den første.

– Det vert tilsvarande markering på andre sida av fjorden, på Oppedal ferjekai, seier nestleiaren.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.