Normal drift igjen på Nordeide-Ortnevik

Ferja "Tansøy" er i normal drift igjen på ferjesambandet Noreide-Ortnevik, etter at ruta vart innstilt tidlegare i dag.


– Det gjeld frå avgangen klokka 12-45, frå Noreide, opplyser Fjord1 på eiga nettside. 

Det var i 10-tida torsdag morgon at ruta vart innstilt, etter at den fekk ein gjenstand i propellen på overfarten frå Ortnevik til Nordeide, fortalde operativ leiar Kristian Brandsøy til Ytre Sogn då.

Dei venta då på dykkarar som skulle inspisere propellen, for å sjå på omfanget av skadene. 

Uhellet skjeddeDet heile skjedde då ferja var på veg tilbake til nordeide.

– Ferja har to propellar, så dei kom seg til kai på Nordeide, sa Brandsøy.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.