Når det gjeld ferjene i Vestland, vart reisetala litt mindre prega av nedgangen i den generelle mobiliteten. (Illustrasjonsfoto)

Talet på kollektiv­reisande ned 30 prosent

Talet på kollektivt reisande i Sogn og Fjordane gjekk ned med 30 prosent frå 2019 til 2020


Reisetala vart sterkt påverka av covid-19-pandemien. Passasjerstatistikken syner ein gjennomsnittleg nedgang på 35 prosent for bybane og buss og 36 prosent for båt i Vestland.  

– Som forventa er passasjertala sterkt prega av pandemien. Difor har inntektskompensasjonen frå staten vore avgjerande for fylkeskommunen i ein situasjon med reduserte inntekter på grunn av færre reisande, seier fylkesordførar Jon Askeland i ei pressemelding.

Stengde skular, mykje bruk av heimekontor og redusert aktivitet i kultur- og samfunnsliv endra transportbehova i samfunnet, og mange endra reisevanar då befolkninga vart oppmoda av helsestyresmaktene til å unngå å reise kollektivt.

Nye restriksjonar
Detaljert statistikk syner at passasjertala for buss og bybane gjekk ned kvar gong det kom nye nasjonale eller lokale restriksjonar og smittevernstiltak, og noko opp i periodar der smittepresset var lågare og det var færre restriksjonar.

Samla for buss, båt og bybane var det nærare 54 millionar påstigingar i heile Vestland i 2020, mot 82,5 millionar i 2019. 

For Sogn og Fjordane åleine vart det 3 millioner reisande med buss i 2019 og 2,1 millionar i 2020, altså ein nedgang på 30 prosent. For båt var tala 444 577 i 2019 0g 305 991 i 2020, som gir ein nedgang på 31 prosent.Totalt var nedgangen på 30 prosent, frå 3,4 millionar i 2019 til 2,4 millionar i 2020.  

Nedgang på ferjer
Når det gjeld ferjene i Vestland, vart reisetala litt mindre prega av nedgangen i den generelle mobiliteten. Talet på ferjereisande gjekk sterkt ned rett etter nedstenginga av samfunnet i mars 2020, men det normaliserte seg sidan på eit litt lågare nivå enn normalt. Det vart i snitt frakta 6 prosent færre passasjerar og 7,5 prosent færre personbileiningar (PBE) med fylkesvegferjene i Vestland samanlikna med 2019. 

– Det er to grupper som fortener ein særleg takk etter eit krevjande 2020 for kollektivtrafikken: Dei tilsette i kollektivselskapa har stått på kvar einaste dag under pandemien, og dei reisande som har vist ansvar ved å tilpasse seg smittevern og ved å tilpasse reisevanane sine. Som alle andre lengtar eg no til normale tider, og gler meg til den dagen vi kan reise slik me gjorde før koronaen trefte oss, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.