Den lågaste arbeidsløysa i fylket finn vi i Årdal (1 prosent)

Talet på arbeids­ledige har gått ned

Talet på arbeidsledige i Vestland har gått ned med om lag 2.700 personar frå februar til mars. Lågaste arbeidsløysa finn ein i Årdal.


No er 11.963 personar -  eller 3,5 prosent - registrerte som heilt ledige i fylket. Landsgsnittet er på 4,2 prosent

– Sjølv om arbeidsløysa i Vestland gjekk ned i mars, ventar vi å sjå ein auke i arbeidsløysa framover som følgje av tiltaka som vart sett i verk denne veka, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland i ei pressemelding.

Eit drygt år etter at dei første koronatiltaka råka arbeidsmarknaden syner statistikken at mange har kome seg tilbake i arbeid.

Ute eit år eller meir
Av dei 46.000 som registrerte seg som arbeidssøkjarar under den første koronabølgja, er fire av fem no ute av ledigheitskøen. Nær 10.000 er framleis arbeidssøkjarar. Innan reiseliv og transport er fire av ti som blei ledig i mars/april framleis ledig. 

– Innvandrarar er i mindre grad tilbake i jobb enn ikkje-innvandrarar. 34 prosent av innvandrarane som blei ledig i vår er framleis ledig, mot 18 prosent av ikkje-innvandrarar. Forskjellen kan skuldast at innvandrarar i større grad jobbar innan utsette yrke med lågare krav til kvalifikasjonar, seier Bogsnes.

Ho er uroa over at mange av gruppene som vanlegvis har utfordringar i arbeidsmarknaden, har fått det verre.

– Det gjeld både innvandrarar, unge vaksne, dei utan fullført vidaregåande opplæring og personar ned nedsett funksjonsevne. Vi veit frå tidlegare krisar at desse gruppene kan oppleve langvarige negative effektar i form av høgare arbeidsløyse og lågare lønn, seier Bogsnes.


Lågast i Årdal
Talet på permitterte gjekk ned med 340 personar den siste månaden. Totalt er 8.475 arbeidstakarar permitterte i Vestland.

Reiseliv og transport har flest ledige med 2.241 personar. Deretter følgjer serviceyrke (1.381), butikk- og salsarbeid (1.338) og bygg og anlegg (1.271). I Vestland er det færrast ledige innan jordbruk, skogbruk og fiske (155) og akademiske yrke (164). 

Det er høgast arbeidsløyse i kommunane Aurland (8,5 prosent), Ulvik (5,9 prosent) og Eidfjord (5,4 prosent). 

Den lågaste arbeidsløysa i fylket finn vi i Årdal (1 prosent), Fjaler (1,1 prosent), Solund, Lærdal og Sunnfjord (alle 1,4 prosent).

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.