Geir Oldeide, 1. kandidat for Raudt Sogn og Fjordane

Svar til organisasjonar som arbeider mot vindkraft

YTRINGAR: Eg, Geir Oldeide, har som førstekandidat frå Raudt fått ei rekkje spørsmål frå organisasjonar i Nordhordaland, Sunnfjord og Ytre Sogn som arbeider mot vindkraft.

Spørsmåla og svara er desse:

1) Er du som politikar i ditt parti einig med partiprogrammet sine formuleringar om vindkraft i fjella/på land?  
Svar: Ja, fordi Raudt både i landsmøtevedteke arbeidsprogram 2021-2025 og i Sogn og Fjordane-programmet seier nei til vinkraft i fjella/på land

2) Er du einig i at det ikkje skal byggjast vindturbinar i fjellheimen/på land ?  
Svar: Ja

3) Viss svaret er ja på spørsmål 2, vil du stemme mot ditt parti sitt eventuelle positive standpunkt i vindkraftsaka?  
Svar: Unødvendig å stemme mot fordi Raudt har ikkje eit positivt standpunkt til vindkraft.

4) Korleis vil du jobbe på Stortinget og i partiet ditt mot vindkraftindustri i fjella våre?  
Svar: Jobbe for å skape alliansar på Stortinget mot vindkraft generelt, men også innafor enkeltelement innanfor vindkraftsaka når dette kan vere med å bremse/stoppe utbygging.

5) Korleis vil du jobbe saman med oss som aksjonsgrupper mot vindkraft?  
Svar: Vil søkje råd og tilby hjelp i den felles kampen.

6) Kva vil du stemme viss det blir fremja statleg plan om bygging av vindkraftanlegg som strir mot kommunar sin arealplan eller negative vedtak i kommunestyre?  
Svar: Vil motarbeide statleg plan dersom den legg opp til overkøyring av av kommunale vedtak mot vindkraft.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.