Ytring frå Raudt Høyanger sitt medlemsmøte, ved Einar Rysjedal.

Stortinget må vakne til 15. juni!

Regjeringa har som mål å ha 50% sjølvforsyning av matvarer. Dette krev naturlegvis fleire gardsbruk i drift. Men vi har førebels ikkje sett noka kursendring i den retninga. 

Dette ser ein klarast på ku-gardane og i mjølkeproduksjonen. I tillegg til den store prisauken, gir husdyrstilskotet same tilskot per ku på ein stor gard med for eksempel 100 kyr, som på ein liten gard med 16 kyr.

Dette er feil bruk av pengar fordi store gardar har mindre kostnad per ku enn små gardar. Med andre ord vil det vere svært lite lønnsamt å drive småbruk. Landbruks- og matminister Sandra Borch frå SP, fører Listhaug-politikk, i staden for å prioritere små og mellomstore bruk i distrikta. Om vi skal nå målet om 50% sjølvforsyning av matvarer, må vi ta omsyn til både små og store gardar og gjere det lønnsamt å produsere norsk mat.

I følgje Statistisk sentralbyrå var det i 2021 berre 38076 aktive gardsbruk i Noreg.  Det var ein nedgang med heile 16,5% sidan 2011. I 2020 hadde Noreg 40% sjølvforsyning med mat, og vi har framleis ein veg å gå for å nå 50%.  Nedgangen i talet på gardsbruk går raskt – dei siste 50 åra har heile 75% av gardsbruka blitt lagt ned. Dette samsvarar ikkje med politikken Stortinget seier dei ønskjer å føre. Dersom Noreg skal nå målet om 50 % sjølvforsyning på mat, må Stortinget leggje om politikken for å hindre at fleire legg ned gardsbruka sine. 

Det er vidare stor og aukande inntektsforskjell mellom t.d. referansebruk for svin og korn samanlikna med referansebruk for sau.  Her aukar også inntektsforskjellen pr. årsverk.  Små og mellomstore bruk i distrikta, kjem dermed dårlegare ut enn store bruk med kyr og bruk med kombinasjonen svin og korn i sentrale strok.  Dette er stikk i strid med Sp sin retorikk.

Det er og har vore store inntektsforskjeller mellom bønder og andre yrkesgrupper. Dette førte til at bøndene kravde eit tillegg på 100 000 kr per årsverk. Men i jordbruksavtalen blei det gitt eit tillegg på 40 000 kr.  

Gode utrekningar viser at dagens timeløn i jordbruket er 90 kr.  Dersom bøndene sitt krav hadde blitt innfridd, ville den ha auka til 144 kr.  Dette er under minsteløn for jordbruksavløysarar.  Avstanden mellom krav og avtale er stor når gjeld inntektsauke.  No som før er det spesielt viktig å støtte dei små og mellomstore bruka.  Sentrale styresmakter kan gjere noko med dette og samtidig auke sjølvforsyningsgraden til 50%.  Det er opp til Stortinget 15. juni.

For Raudt Høyanger-medlemsmøte 7.6.; 
v/ Einar Rysjedal, lokallagsleiar