Hyllestad kommune har ein nedgang i arbeidsløysa på heile 60 prosent, samanlikna med i fjor. (illustrasjonsfoto)
Arbeidsløysa går ned i heile ytre Sogn

Størst nedgang i arbeidsløysa i Hyllestad

Talet på heilt ledige i ytre Sogn har gått ned med opptil 60 prosent i mai i år, samanlikna med i fjor. Størst er nedgangen i Hyllestad.


Der er det no registrert 23 heilt ledige - eller 3,3 prosent av arbeidsstyrken. Det er ein nedgang på heile 60 prosent i høve til same tid i fjor.

Det viser dei siste tala frå NAV Vestland.

I Høyanger kommune er nedgangen på 53 prosent. Der er 53 personar no heilt ledige, som utgjer 2,6 prosent av arbeidsstyrken. 

I Gulen kommune er det 23 heilt ledige. Det vil seie 1,9 prosent av arbeidsstyrken. Det gir ein nedgang på 30 prosent i høve til same tid i fjor.

Under landsgjennomsnitt
Totalt er det no 9 925 personar heilt ledige i Vestland fylke. Det svarar til 2,9 prosent av arbeidsstyrken. Arbeidsløysa i Vestland ligg dermed under landsgjennomsnittet på 3,3 prosent. Over halvparten av kommunane har 2,0 prosent eller lågare arbeidsløyse.

* Nedgangen er størst blant dei heilt ledige.

* Det er liten nedgang blant dei delvis ledige, og nedgangen er størst innan butikk- og salsarbeid.

* Talet på permitterte har falt kraftig.

I Bergen kommune er 5 645 personar heilt ledige, noko som svarar til 3,6 prosent av arbeidsstyrken. Dimed er Bergen den kommunen i fylket med høgast arbeidsløyse.

Mange arbeidssøkarar
Direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland er glad for at utviklinga går i riktig retning, men er bekymra for fleire ting.

– Vi har framleis veldig mange arbeidssøkarar om vi tel med dei som er delvis ledige og dei som er på tiltak. I tillegg ser vi at over 4 000 personar har vore ledige i over eitt år. Eg er veldig uroa over konsekvensane det har for denne gruppa, seier Bogsnes.

Ho peikar på at det er ledige jobbar i ei rekkje bransjar. I bygg og anlegg er det til dømes over 900 ledige stillingar, samstundes som over 900 personar er ledige innan same bransje.
 
– Det kunne vore interessant å vite kva som er årsaka til det. Det finst ledige stillingar, men dei nær 1000 ledige innan same bransje har kan hende ikkje dei rette kvalifikasjonane, seier Bogsnes.

 

Reiseliv og transport
Reiseliv og transport har flest ledige med 1 733 personar. Deretter følgjer serviceyrke (1 176), butikk- og salsarbeid (1 091) og industri (1 036). I Vestland er det færrast ledige innan jordbruk, skogbruk og fiske (120) og akademiske yrke (147). 

Det er høgast arbeidsløyse i kommunane Bergen (3,6 prosent), Aurland (3,5 prosent) og Øygarden (3,4 prosent). 

Den lågaste arbeidsløysa i fylket finn vi i Solund (0,9 prosent), Fjaler, Sunnfjord (begge 1,0 prosent) og Vik (1,1 prosent).

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.