Storfint besøk på Sognefjorden



- Vi kjende det igjen med ein gong, seier Ståle Thorbjørnsen til Ytre Sogn.


Frå hytta si på Vattekar, vest for Vadheim, var han ein av mange som fekk med seg kongeskipet, KS «Norge» på Sognefjorden denne laurdagen. Dette biletet tok han frå terasssen sin i 9-tida om morgonen. 



Men det er ikkje første gong dei som held til i området har fått kongeskipet på så nært hald.



- Forrige gong skipet var her gjekk dronning Sonja i land, og tok turen over fjellet til Vadheim, fortel Ståle Thorbjørnsen, som til vanleg bur i Høyanger, til Ytre Sogn.



Han trur imidlertid ikkje at kongeflagget var heist, slik det brukar å vere når det er kongelege ombord, denne gongen.



- Skipet låg på fjorden utanfor oss oss lenge, og det høyrdest ut som om det føeregjekk ei øving, seier han.



Etterpå gjekk ferda vidare innover Sognefjorden, og tok seg mellom anna ein avstikker innover Høyangerfjorden. 



Kongeskipet vart gitt i gåve frå det norske folk til Kong Haakon VII etter ein landsomfattande innsamlingsaksjon i 1947. Skipet er eigd av Hans Majestet Kongen, men blir drive av Sjøforsvaret, står det å lese på Det Norske Kongehus sine nettsider.