Stor pengegåve til korpset i Kyrkjebø


Kyrkjebø Ungdomslag har bestemt seg for å avvikle jubileumsfondet sitt. Det får blant andre Kyrkjebø skule- og ungdomskorps nyte godt av.

Dei får no 80.000 kroner, som er nesten halvparten av midlane som per i dag står på fondet.

– For oss betyr det veldig mykje. Det er jo ei anerkjenning av det vi driv med, og viser at vi betyr noko i bygda. Så denne pengegåva varmar.

Elles veit også dei fleste at det kostar å drive korps. Så det skal ikkje by på problem å finne noko å bruke ho på, seier Janne Osland, leiar for Kyrkjebø skule- og ungdomskorps. Tildelinga fann stad under 17.mai-arrangementet.

Fem tildelingar

– Kva vil de bruke pengane til?

– Det må vi ta ein runde på i styre og blant medlemmer. I dag tel korpset rundt 20. Men vi har nok av valmoglegheiter. Vi har blant anna snakka om å kjøpe nye uniformer. Vi har instrument som må skiftast ut, og treng kanskje også nye.  Dirigent og notar kostar også. Det same gjer turar på stemne og liknande. Så vi får sjå kva vi bestemmer oss for, seier Osland til Ytre Sogn.

Fondet til Kyrkjebø Ungdomslag vart oppretta  i 1989, i samband med 100-årsjubileet deira, og med Erling Kvalheim som ein av pådrivarane.

– Det skulle vere fond til ein kulturpris, som vart tildelt enkeltpersonar eller grupper i Kyrkjebø kvart tredje år. Tanken var at 2/3 av renta det året skulle dekke prisen, som har vore på rundt 10.000 kroner. Men siste åra har renta vore så låg at det har vore for lite å dele ut. Så difor bestemte vi oss no for å avvikle heile fondet, og dele ut pengane som er igjen, fortel Karin Berge og Finn Trædal om prisen som har blitt utdelt fem gonger; til Snefrid Austrheim, Erling Kvalheim, Aslak Haaland, Ingvald Austreim og Kyrkjebø Songkor.

I 1989 var fondet på 100.000 kroner. I dag, 27 år seinare, er det på 166.000 kroner, og det har ungdomslaget no vald å fordele mellom lag og organisasjonar i Kyrkjebø.

Les meir om kven som får pengegåver i papiravisa.