Stor forskjell på bukostnader i ytre Sogn

Det er stor forskjell på kor mykje det kostar å eige og bu i eigen bustad, også i kommunane ytre Sogn.


Her kjem det fram at Kinn er kommunen i Sogn og Fjordane med høgste bukostnadene for einebustad på 120 kvadratmeter. Den viser at snittprisen er på 102.192 kroner i 2021 i kystkommunen.

I andre enden finn ein Årdal kommune, med 83.862 kroner. Det gir ein forskjell på 18.330 kroner mellom dyrast og billegaste kommunen i Sogn og Fjordane.

Desse faktorane er inkludert i bukostnadane:
* Eigedomsskatt
* Kommunale gebyr
* Energikostnader
* Forsikring
* Vedlikehaldskostnader

Når det gjeld ytre Sogn, er Gulen den kommunen som har høgste bukostnadane,  med 98 165 kroner. Det er ein auke på 18,2 prosent i høve til året før. Deretter følgjer Hyllestad med 97 168 kroner (+9,0%) og Solund med 92 770 kr (+10,7%). 

I Høyanger er bukostnadane på 81 568 kr (6,0 %). Berre Aurland og Årdal har lågare, med høvesvis 86 382 og 83 862 kr.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.