Stengjer E39 ved Litle-Urdaltunnelen i etappar onsdag

Det skal setjast opp fanggjerde på den skredutsette strekninga E39 Litle-Urdaltunnelen.


Onsdag 22. september skal det setjast opp 13 stag til fanggjerda. Det skal nyttast helikopter til oppdraget.

Jobben vil finne stad frå klokka 09.00 til 16.00 – om vêret tillet flyging.

Entreprenør har i samband med denne jobben behov for å stengje E39 i 20-30 minutt om gongen.

– Vi har forståing for at vegarbeid som dette kan vere krevjande for bilistane, men då er det viktig å minne om at vi gjer det for dei; for å ivareta trafikktryggleiken også i framtida, seier prosjektleiar Harald Midtun i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Det blir trafikkdirigentar og følgjebil i samband med vegstenginga.

For å få oversikt over vegarbeid før ein skal ut og køyre, vert bilistar oppmoda til å sjekka trafikkmeldingane på 175.no. 

Permanent fangnett
Statens vegvesen har eit strengt inspeksjonsregime for vegnettet sitt, som er alle landets riks- og europavegar.

Det var under ein planlagd fjellreinsk at Statens vegvesen sin entreprenør Mesta oppdaga to ustabile steinblokker 30-70 meter over den eine tunnelopninga.

Det var i fjellsida utanfor vestenden av den 440 meter lange Litle-Urdaltunnelen at steinblokkene – kvar på mellom 150 og 200 tonn – vart lokaliserte.

På grunn av trafikktryggleiken måtte dei takast ned. Dette vart gjort ved hjelp av trykkluft, og med utstyr som måtte flygast inn med helikopter.

Dette, samt påfølgjande reinsiking av fjellside og vegbane, var ein stor operasjon som gjorde at vegen vart stengd i heile veke 25 i slutten av juni. Omkøyring i Nordhordland var på fylkesvegane 57 og 570, som begge har ferjesamband.

– Før vegen vart opna, vart det sett opp mellombelse fangnett som no vert erstatta av permanente. Og det er monteringa av stag til desse som gjer at vi er nøydde til å stengje vegen i etappar på 20-30 minutt gjennom delar av onsdagen, seier Midtun.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.