– Vestnorsk regnskog er ein naturtype som vi har eit særleg ansvar for å ta vare på. Her trivst artar i det milde og våte vêret som ikkje kan overleve på tørrare stader. Grunneigar Knut Håvard Brosvik ønskjer å verne skogen for ettertida. (Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm)

Startar verneprosess for Brosvikvatnet naturreservat

Etter dialog med grunneigarane melder Statsforvaltaren i Vestland formell oppstart av skogvernprosess for Brosvikvatnet i Gulen kommune.


Området på 1481 dekar ligg i ei vestvendt li mellom innsjøen Brosvikvatnet og fjellområdet Lifjellet/Brosviksåta. Arealet er eigd av tre ulike private grunneigarar, som har underskrive tilbod om vern.

– Forvaltningsområdet føreslått av Biofokus inkluderte 15 naturtypelokalitetar, noko som illustrerer den store og verdifulle variasjonen i naturen ved Brosvikvatnet. Det undersøkte arealet fekk verdivurdering i øvre sjikt av regionalt verdifull natur, går det fram av ei pressemelding.

To av naturtypelokalitetane er kartlagt som fattig boreonemoral regnskog, to er bekkekløft. Tilbodsområdet til frivillig skogvern dekker ikkje alle dei 15 naturtypelokalitetane.

Vestnorsk regnskog
– Brosvikvatnet har god topografisk variasjon og vil kunne dekkje viktige manglar i skogvernet i fylket med bekkekløfter, kystfuruskog og boreonemoral blandingsskog. Verneverdiane er mellom anna knytt til gamal kystfuruskog med høg alder i sterk oseanisk seksjon.

Det er òg gamal lavlandsblandingsskog med påviste rødlisteartar som til dømes gul pærelav - ein nær trua art - og enkelte store, gamle eiketre.

– I kystbekkekløfta i Flategilet opptrer gode førekomstar av uvanlege og krevjande artar. Det er relativt produktiv furu-blandingsskog. Dei høgst verdisette naturtypene for den vestnorske regnskogen ligg utanfor tilbodsområdet.

Mål om 10 prosent
Det er ei nasjonal målsetting om redusere tap av naturmangfald, og som eit ledd i dette har regjeringa eit langsiktig mål om at 10 prosent av skogen i Norge skal bli verna. 

– Med dryge 3 prosent av skogen i fylket verna inntil årsskiftet, er vi enno langt unna dette målet i Vestland. Med eit vern av skogen ved Brosvikvatnet vil ein komme litt nærmare målet om å ta vare på område med sjeldne og trua artar og naturtypar i fylket. Vi er avhengige av det gode samarbeidet mellom grunneigarar, skogeigarorganisasjonar og stat om vern av verdifull natur for å nå målet Stortinget har sett. 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.