– Det kan ikkje visast til nokon fordel ved desse samanslåingane, skriv Asbjørn Massnes, Bjordal, i innlegget sitt.

Sogn og Fjordane som eige fylke att

YTRINGAR: Ope brev til Vestland fylkeskommune ved fylkesordføraren

Senterpartiet i Sogn og Fjordane gjekk til val på at kom Sp i regjering så skulle S.og Fj. skiljast frå Hordaland att. Partileiaren til Sp var også i fylket og lovde det same. 

Sp vart valvinnar i S.og Fj. Sp kom i regjering. I regjeringserkleringa står det at kun dei fylka og kommunane som vart samanslått med tvang av forrige storting kan få anledning til å skilje lag att. Samanslåinga av S.og Fj. med Hordaland vart gjort under visse forutsetningar frå S.og Fj., og under trusselen om at ein ikkje vart einig så kunne det bli brukt tvang likevel.


S.ogFj. hadde god økonomi etter å ha spart på vedlikehald og utbetring av fylkesvegane og med eigarskap i Sogn og Fjordane Energi. Hordaland hadde stor lånegjeld. S.og Fj. delte derfor ut verdiane i SFE til kommunane i S.og Fj. før dei gjorde vedtak om å slå seg saman med Hordaland til Vestland. Dette til stor ergrelse for ein del politikarar frå Hordaland som meite dette var eit medgifte som tilhøyrde dei. Men kva var så grunnen til at fylka skulle slåast saman? Høgre og F:R:P ville legge ned alle fylka. Venstre og K.rf. gjekk med på å redusere talet på fylker med å slå saman fylker, men dette måtte vere frivillig. Og som lokkemiddel skulle fylka få overført fleire oppgåver og bestemmelsesmakt. Dette vart det fleirtal for på stortinget. Ingen av desse lovnadane er innfridd.


Det kan ikkje visast til nokon fordel ved desse samanslåingane. Hovudargumentet mot å oppløyse dette meiningslause eksperimentet som ingen ville ha, er at det kosta mange millionar å slå saman fylka og kommunane. Og det vil også koste å skilje dei att. Det kostar å gjere tabbar, og dette er ein av mange storting og regjering har gjort. Men når ein gjer feil er det berre dei fornuftige som rettar opp feila. Dei andre gjer same feila om att og om att.

Utkantane blir alltid nedprioritert og utsett for meiningslause innsparingar. Døme på dette er vinterstenginga av vegen Bjordal-Matre som er sett til 1.november, sjølv om vegen er snøfri og farbar. Dette meiningslause fylkestingsvedtaket har bygdefolk og ordføraren i Høyanger teke opp med fylkesordføraren i Vestland kvart år utan at det blir vist vilje til å oppheve dette tullete vedtaket. Dette veit fylkesordføraren frå Sp om. Likevel ber han oss i S.og Fj. om å gje opp å ta opp slike urimelege vedtak som også det å få attende S.og Fj. som eige fylke. Det er altfor mange som har gitt opp og flytta frå S.og Fj. Me som framleis er innbyggarar i S.og Fj vil sjølve bestemme om me skal vere med i Vestland eller få attende vårt eige fylke S.og Fj.


Dei i S.og Fj Sp som vil ha ei folkeavstemming i S.og Fj om å bli eige fylke att, skal få mi støtte. Eg stemmer ellers ikkje Sp fordi dei ikkje er til å stole på. Klare vallovnader må haldast. Diverre har det i Sp alltid vore ein del som set eigeninteresser framfor vallovnader og kva folk i S.og Fj vil. At Vestland fylkesting vil stemme mot å gje S.og Fj frå seg att viser at Hordaland som har fleirtal i Vestland vil utnytte S.og Fj til inntekt for seg sjølv. Å investere i og utvikle S.og Fj finst ingen planar for.


Det er rett at det var S.og Fj fylke som gjorde vedtaket om å stenge vegen Bjordal-Matre i 2017. Men vedtaket vart ikkje praktisert i 2018. Om dette er grunna i at S.og Fj då bygde kraftline over fjellet frå Østerbø kraftverk til Stordalen, slik at all krafta frå Høyanger sørside kan sendast til Hordaland for å skape arbeidsplassar der er sannsynleg. Då Vestland fylke tok over i 2019, vart vegen stengd for trafikk 1.november 2019. Då raftlinja framleis ikkje var ferdig fekk lijearbeidarane utlevert nøkkel til bommen så dei kunne nytte vegen likevel.


Dette viser at det er ingenting i den kontrakten som fylkesordføraren viser til som hindrar at vegen også kan brukast etter 1.november. Dette viser at denne vegstenginga kun er vrangvilje frå fylkesordføraren og administrasjonen som her har gjort ein feil og no prøver å bortforklare dette med ein driftskontrakt som hindrar dei å  bruke sunn fornuft.

 Fylket har i alle år prøvd å oversjå denne at denne vegen er ein erstatning for kraftutbygginga av Førde-Matre vassdraget. Og at Høyanger kommune hadde fått så store fordeler med vegen Svartemyr-Hest-Hordaland grense samt ferjekai på Svartemyr at kommunen ikkje kunne få omsøkte næringsfond på 500.000 kr. At Vestland fylke no prøver å spare pengar med å ta frå Høyanger kommune og distriktet deler av erstatninga dei fekk for å avstå store naturressursar er uakseptabelt. Spesielt når stort sett all krafta har gått til å skape arbeidsplassar i Hordaland.

[annonse]

Konsesjonen for Førde-Matre-vassdraget skal snart opp til miljørevisjon. Når no Vestland fylke har redusert erstatninga kommunen fekk så må heile konsesjonen oppatt i stortinget. Vestland fylke har ikkje mandat til å oppheve stortingsvedtak. Fylkesordføraren viser til ein driftskontrakt på vegen Bjordal-Matre, i si tid inngått av S.og Fj fylke for å spare pengar. Kor mykje pengar har Vestland fylke spart på å forringe erstatninga brukarane av vegen Bjordal-Matre skulle hatt? ei innsparde pengane er erstatning som skal gå til eit næringsfond for Høyanger kommune. Ein Vestland fylkeskommune som ikkje greier å ivareta utkantane og distrikta sine og å rette opp slike urimelege og klare feil som dette er ikkje noko å vere med i.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.