Ove Hatlestad Solås meiner det er dårlege argument for vindkraft på Snøheia i sin ytring i Ytre Sogn. (Foto: Privat)

Snøheia –⁠ Eit uærleg forsøk på å få gjennom vindkraft


Snøheia på 1139 meter over havet i Sunnfjord kommune er favorittfjellet mitt. Far min tok meg med opp dit når eg var liten, og eg har sidan då hatt mange turar opp til Snøheia og fjella rundt til ulike årstider. For meg er det stor helsevinst å ha tilgong til unik og intakt naturmangfald. Vi er heldige som har det her i landet, for god folkehelse og trivsel er naudsynt for samfunnet. Men, vindkraftplanen som føreligg er ein trussel mot det. Snøheia og fjella rundt har sidan 2019 vore trua av vindkraftutbygging. Ved å sprenge fjelltoppar, punktere myrer og fragmentere økosystema, skulle desse areal- og ressurskrevjande installasjonane redde klimaet, i følgje bransjen. Den taktikken slo feil.

Det vi opplever no ser ut som eit nytt forsøk på å få gjennom vindkraftprosjektet. Å annonsere vindkraftsamarbeidet og presset mot Høyanger kommune rett før jul, framstår som eit kalkulert trekk frå bransjen. Men dei var nok ikkje førebudde på å bli møtt med så sterk motbør. Så diskusjonen er i gong.

Det er tilrådeleg å gjere seg kjend med historikken sidan 2019, då forslag til nasjonal ramme for vindkraft på land vart lagt ut på høyring. Vindkraftplanen gjeld for området der det allereie føreligg fleire demokratiske kommunestyrevedtak mot vindkraftutbygging. I tillegg er det fleire føringar, areal- og vernestatusar som umogleggjer dette anlegget. 

Så er det nye at industrien i Høyanger skal kombinerast med vindkraft. Uttalar frå både Eviny og Hydro tidlegare i år, gav indikasjon på at vindkraftverket ikkje var under planlegging eller aktuell: Lar vindkraftplanar ligga og Resirkuleringsanlegg ikkje truga av utspel om vindkraft. Så hendinga før jul framstår rart. Bransjen viser til Statnett sitt anslag om stram kraftmarknad og hevdar vindkraft på land er den raskaste og rimelegaste kraftforsyninga, men då utan å ta med kostnadar med balansekraft eller nett-tilknyting. I den samanheng vert areala og naturmangfaldet på uforståeleg vis verdsatt til 0. Heldigvis er det meir fornuftige tiltak enn å teppebombe fjellheimen med ustabile og upålitelege vindturbinar, og det er blant anna gjort greie for i Ove Farsund sitt glimrande innlegg: Vindkraft sikrar ikkje industrien. Grafar på NVE sine sider syner at det er stort kraftoverskot i både Høyanger og tidlegare Sogn og Fjordane fylke.

Nokre framhevar at det allereie er regulerte vassdrag og veg i området. Det er gjort inngrep med vasskraftutbygginga. Men det var for seinast 40 år sidan, og mykje av inngrepa utanom demningane har fått tilbake vegetasjon. Det vert likevel framheva i forsøk på å legitimere vindkraftutbygging, men vindkraftutbygging er langt meir omfattande inngrep i slik topografi vi har her, og som ikkje vil kunne la seg gro att. Det bransjen vil ha tak i er det mest verdfulle naturmangfaldet vi har att, for vindturbinar kan ikkje plasserast i regulerte vassdrag. Eksisterande veg er ueigna til å frakte vindturbinar til Fossvatnet og Monsdalsvatnet og vidare opp til fjelltoppane rundt om. Alt av arealinngrep vil bli nytt i urørd og intakt naturmangfald.

Nokre, men særleg bransjen og andre med økonomiske motiv, legg fram påstanden om at vindkraft legg beslag på berre nokre ubetydelege promillar. Slik argumentasjon syner anten kunnskapsløyse eller bevist feilinformasjon, for vindkraft på land er eit oppsiktsvekkande arealforbruk. For å best forstå kor omfattande vindkraftanlegg faktisk er, må ein oppsøke eit vindkraftanlegg og gjere seg kjend med inngrepa som til dømes turbinstorleik, turbinoppstillingsplassar, vegbreidder, vegskjeringar, fyllingar, støy, skuggekast, iskast og blinkande høgintensitetslys. Gjerne rådføre seg med naboar til vindkraftanlegg om korleis dei opplever anlegget. Deretter bør ein oppsøke der det føreligg vindkraftplan, som Snøheia, og førestille seg korleis det skal la seg gjere å frakte vindturbinar opp til over 1000 meter høge fjelltoppar. Gå gjerne i fjella til ulike årstider, for å forstå kor hardt dei klimatiske tilhøva er der. På det grunnlaget er det klart at vindkraftutbygging ikkje kan utførast skånsamt, og er uforeinleg med avtalen om vern av natur nyleg vedteke i Montreal. Dette får vere lektyre for dei som tek til orde for at vindkraft må byggast ut. La det vere klart at motstanden mot vindkraft ikkje må diskrediterast til berre å handle om utsikten til vindturbinar - Sjølv om 250 meter høge vindturbinar openbart vil få negative følgjer for råka bygder. Det let seg heller ikkje gjere å gøyme vindturbinar oppe i fjellheimen. 

Kommunar vert lokka med gode inntekter. I den samanheng er det viktig å vere klar over at det ikkje automatisk vil generere 45 millionar i pluss, fordelt mellom Høyanger og Sunnfjord kommune. Det er naudsynt å forstå kva konsekvensar det vil ha for bulyst, verdireduksjon, vernestatus, arealtap, nasjonal turistveg og turisme. Resultatet vert ikkje automatisk auka velferd, slik det vert forsøkt framstilt. Ein må og vere klar over at eit vindkraftverk på Snøheia vil utløyse press på meir utbygging av vindkraft i fjella og fylket. Då vil den same grunngjevinga om at det allereie er utbygd verte nytta. Høyanger-fjella vil stå for tur fordi Fred. Olsen Renewables sine planar er klare. Zephyr har planar for fjellområda mellom Øvre Lavikdalen, Hovlandsdalen/Guddalen og Åfjorddalen.

Avslutningsvis vil eg gjere det klart at det ikkje er populistisk å vere opplyst og i mot vindkraft i slik topografi og naturmangfald vi har her, men det er populistisk å gjenta sitata som lobbyistane og bransjen legg fram. 

Ove Hatlestad Solås