Det brenn i terrenget fleire stader i fjellet over Vika, ved fv 93 i retning Guddal. (Foto: YS-tipsar)

Skogbrann over Vika


Det brenn i terrenget i fjellet over Vika i Høyanger, ikkje langt frå kommunegrensa til Fjaler og Heldalsheia.

Helikopter er på veg for å bistå i sløkkinga. Det melder 110 Vest på Twitter. 

Brannvesen frå både Høyanger og Sande har rykt ut, etter det Ytre Sogn har fått vite.

Årsaka til brannen, som vart meldt i 19-tida, er truleg lynnedslag.

Siste oppdatering frå 110 Vest er at brannvesenet er framme i Vika, og at brannen i terrenget har roa seg og røykutviklinga avteke. 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.