Einar Rysjedal, Raudt.
YTRINGAR:

Skattelette eller reduserte klasseforskjellar?


Stortingsvalet 2005 blei eit stort nederlag for partiet Høgre.  Vi håpar det same skjer til hausten.  Vi håpar det fordi Raudt vil ha eit raudgrønt stortingsfleirtal med på

innfasing av gratis tannlegetenester.  Vi vil ha eit raudgrønt stortingsfleirtal med på å gjere noko drastisk med aukande klasseforskjellar – ikkje minst barnefattigdomen.

Høgre sitt nederlag i 2005 skjedde etter at partiet hadde hatt nøkkelroller i Bondevik II-regjeringa.  Erna Solberg hadde vore kommunal- og regionalminister og Per-Kristian Foss hadde vore finansminister.  I perioden 2002-2005, hadde regjeringa og stortingsfleirtalet vedteke skattelette på 33,1 milliardar kroner.  Det var skattelette til dei rike - på kostnad av offentleg velferd til alle, frå dei yngste til dei eldste.  Skatteletten gjorde høgrepartia upopulære. 

Mange hadde forventningar til den raudgrøne Stoltenberg II-regjeringa som tok over i 2005.  Mange forventa at dei raudgrøne skulle reversere skatteletten og bruke desse milliardane til å ruste opp velferdsstaten med minst tilsvarande sum.   

Det skjedde dessverre ikkje, og det var mellom dei største feilgrepa til dei raudgrøne.  Det blei inga merkbar omfordeling frå dei rike til dei økonomisk vanskelegstilte under Stoltenberg II.  Dei raudgrøne reverserte visstnok berre litt over 10 % av Bondevik II sin auke i klasseforskjellar.

Høgre kom bl.a. derfor igjen på offensiven og lanserte slagordet Mennesker, ikke milliarder. Altfor mange gjekk på Høgre sin limpinne i 2013.  Dei ulike høgrepartia som etterpå, i to stortingsperiodar, har sete med regjeringsmakt, har på nytt gitt rundt 30 milliardar i skattelette til dei som er rike frå før. 

Eit av krava til eit nytt stortingsfleirtal, må vere å inndra desse 30 milliardane gjennom å skattlegge dei rike.  I Raudt sitt alternative statsbudsjett, foreslo vi ein start på ei tannhelsereform – ein start som ville kosta berre 3 milliardar.  Dette ville motverka at 5 % av befolkninga ikkje har råd til tannlegebehandling.  Raudt foreslo også å bruke 0,5 milliardar på auka barnetrygd til alle barn og halde barnetrygda utanfor utrekninga av sosialstønad. 

Dette åleine, finansiert av 3,5 milliardar kroner meir i skatt på dei verkeleg rike, ville betydd reduserte klasseforskjellar.  Då hadde vi reversert berre10 % av Solberg-regjeringane si skattelette til dei rike.  Raudt har derfor fleire tiltak mot dei auka klasseforskjellane.

Raudt sin eine representant, Bjørnar Moxnes, har utretta mykje på fire år.  Dersom mange nok stemmer på oss slik at vi kjem over 4 % av stemmene, kan Raudt komme inn med 8-10 representantar.  Det aukar sjansen for at vi ikkje berre agiterer for reduserte klasseforskjellar, men at Raudt kan få andre raudgrøne parti med på å vedta tiltak som verkar.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.