Skal få ned talet på hjortepåkøyrsler


Alværa-Ringereide på E39 mellom Lavik og Vadheim er blant vegstrekningane i fylket med flest hjortepåkøyrsler. No håpar miljøvernleiar i Høyanger kommune, Silje Bøe, at nye dynamiske varselskilt kan endre på det.

– Erfaringar viser at dei tradisjonelle fareskilta for hjort har liten effekt når det gjeld å redusere talet påkøyrsler. Difor blir det no sett i gang eit prosjekt på utvalde vegstrekningar i fylket, der ein testar ut effekten av nye så kalla dynamiske varselskilt, blant anna på den 2,4 kilometer lange strekninga Alværa-Ringereide, på E39 mellom Lavik og Vadheim.

Det seier miljøvernleiar Silje Bøe i Høyanger kommune til Ytre Sogn.

Det er Norsk Hjortesenter, i lag med IMSA Technology, som vil gjennomføre prosjektet på strekningar der andre tiltak, som siktrydding, viltkryssing og liknande er mindre aktuelle. Statens vegvesen er oppdragsgjevar.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!