Sjukepleiar

Skrevet av Annonse
27.04.2021 11:00 - OPPDATERT 27.04.2021 11:05

Bedriftshelse1 er ei offentleg godkjend bedriftshelseteneste som leverer førebyggande tenester innan helse, miljø og sikkerheit. Vi er eit tverrfagleg team på ca. 55 medarbeidarar, med brei erfaring og eit godt renommé. Vi har stor bransjekunnskap og legg vekt på fagleg oppdatering og utvikling. Med 11 bemanna kontor er Bedriftshelse1 den største bedriftshelsetenesta på Vestlandet. 

Sjukepleiar 

- 100 % vikariat, med moglegheit for forlenging 

Dette er kanskje jobben for deg! Du er sjukepleiar, likar varierte utfordringar og du likar å ha gode kunderelasjonar. Saman med dyktige kollegaer vil du vere med å utvikle Bedriftshelse1 vidare, slik at vi kan møte kundane sine behov til ei kvar tid. Arbeidsstad blir ved kontoret vårt i Høyanger.

Stillinga er 1 års vikariat, men med store moglegheiter for forlenging. 

Dine hovudoppgåver vil vere: 

Overvake og kontrollere arbeidstakarane si helse 
Oppfølging og kontaktansvar mot kundar 
Kartlegging av arbeidsmiljø 
Kurs/undervisning på individ- og gruppenivå 
Individuell tilrettelegging og rådgjeving 
Oppfølging av sjukmelde og rettleiing i sjukefråversoppfølging 

Vi ønskjer deg som har variert arbeidserfaring og interesse innan arbeidshelse: 
Offentleg godkjend sjukepleiar 
Evne til å byggje relasjonar 
Evne til å jobbe i team, vere engasjert, uredd og initiativrik 
Fleksibel og sjølvstendig 
Ønskeleg med erfaring frå bedriftshelseteneste eller anna relevant erfaring 
Ønskeleg med erfaring frå psykososialt arbeid/ konflikthandtering/AKAN-arbeid 

Personlege eigenskapar vert vektlagt 
God munnleg og skriftleg framstillingsevne 

[annonse]
Vi tilbyr ei spennande stilling med fast arbeidstid og
gode personalordningar, der du kan vere med å påverke og utvikle deg personleg.

Vi har eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø. Jobben vil medføre noko reising, så du må ha førarkort for personbil, samt disponere eigen bil. 

For spørsmål, kontakt regionleiar Anders-Otto Plassen, tlf.: 959 24 628.

Sjå også vår heimeside www.bedriftshelse1.no.

Søknad med cv sendast til: [email protected] 

Søknadsfrist: 21. mai 2021 

bedriftshelse1.no - trivsel på arbeidsplassen!