Sjukeheimen er opna igjen


Alle koronatestar teke knytt til Eiklund sjukeheim i Sørbøvåg er negative, og frå laurdag opna sjukeheimen igjen for besøkande.

Det melder Hyllestad kommune på heimesida si.

– Vi minner om at besøkande følgjer generelle råd om avstand til andre enn den du besøker, og spritar eller handvaskar hendene når du kjem og går att. Unngå å komme dersom du har luftvegssymptom eller feber.

Dei ønskjer imidlertid framleis at ein ringer og avtalar at ein kjem på førehand. 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.