Siri er klar for sin 13.sesong i Stabæk


Nyleg signerte Siri Nordeide Grønli (36) frå Høyanger for nok ein sesong i Stabæk.



Og ifølgje ho sjølv handlar det mest av alt om gleda av å spele fotball. Den er i høgste grad framleis til stades.


- Vi har også hatt ein skikkeleg god sesong i år og som lagar vi lagt eit fantastisk grunnlag som eg har lyst til vere med og utvikle videre, seier Siri Nordeide Grønli til Yre Sogn.


Stabæk vart suveren vinnar av 1.divisjon, og er no tilbake i Toppserien neste sesong.

- Og når Stabæk i tillegg har lagt til rette for at kvardagen skal opp, så var det eit enkelt val, legg ho til.

Ho kom til Stabæk då klubben overtok Toppserie-lisensen til Asker for 13 sesonger sidan. Med sine 298 obligatoriske kampar er ho no den kvinnespelaren som har spelt flest kampar for Stabæk. Av desse har ho vore i startellevaren heile 292 gongar.