Siri er klar for nok ein sesong i Stabæk


– 12. sesongen min i Stabæk? Ja, det stemmer kanskje det. Eg har visst mista tellinga, seier Siri Nordeide Gørnli og ler. 


Ho kom nemleg til Stabæk i 2009, etter at dei overtok Toppserie-lisensen til Asker, som til då hadde vore klubben hennar. Og i helga skreiv Siri Nordeide Grønli (35) frå Høyanger under kontrakt om nok ein sesong i bærumsklubben. Det tok imidlertid noko tid før det vart ei avklaring.



– Det handla først og fremst om å få kvardagen til å gå opp, seier ho til Ytre Sogn.



I løpet av karrieren har ho nemleg også utdanna seg til lege, og for tida er ho inne i siste del av turnusperioden sin. Den har ho på eit fastlegekontor i Kongsvinger.



– Det var lettare å kombinere fotballen med tida som student, enn det er no, som praktiserande lege. Og sidan eg bur i Oslo, betyr det at eg har halvanna times køyretur kvar veg, det vil seie at eg oppheld meg tre timar i bil i løpet av dagen. Så vi har brukt mykje tid på å få til eit opplegg som passar med satsinga på fotballen. Det handlar jo også om tid til restitusjon, seier Grønli. 



Ein av dei som er nøgd med at ho er med vidare, er Richard Jansen, sportsleg leiar i Stabæk Kvinner. Han trekk fram rutine og klokskap som viktige eigenskapar hos 35-åringen frå Høyanger. Det gjer ho til ein ypperleg rollemodell for dei mange unge talenta i klubben.



– Og så er ho jo framleis ein veldig god fotballspelar, seier han til Ytre Sogn.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!