SIMAS søkjer produksjonsleiar på drift

Skrevet av Annonse
14.07.2021 11:02

SIMAS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane i Sogn.

Selskapet har som formål å handsame avfall frå hushaldningar og verksemder. 

 

Me søkjer ein person som kan ha ansvar for drift på hovudanlegget i Festingdalen.

Hovudoppgåver for stillinga: 

    Ansvar for drift på hovudanlegget i Festingdalen
    Ansvar for planlegging, organisering og tilrettelegging av arbeidsoppgåver, og for opplæring og rettleiing av arbeidstakarar
    Delta i industriverngruppa
    Skal jobbe aktivt for eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og sørgje for at den einskilde arbeidstakar får oppgåver som gjev moglegheit for personleg vekst og utvikling
    Må ha evner til å drive gjennom endringsprosessar og kan ta vanskelege avgjerder
    Sørgje for at drifta blir planlagt og gjennomført på ein optimal måte innanfor gjeldande standardar, budsjett og rammer. Dette omfattar alle forhold i tilknyting til drift.


Ynskjeleg utdanning/praksis:

    Sertifikat kl. B, truckførarbevis og maskinførarbevis
    Erfaring på å leie personale
    Grunnleggjande IT-kunnskap
    Erfaring med Lean
    Erfaring frå industrivernarbeid


For stillinga søkjer me etter personar som:

[annonse]
    Ser moglegheiter og tek initiativ til forbetringar
    Er strukturert, systematisk og har ei planmessig tilnærming til arbeidet
    Er tydeleg, målretta og kan ta avgjerder
    Kan arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre
    Villeg til å setje seg inn i og lære nye ting
    Kan ta eit ekstra tak når det trengs

Me kan tilby:

    Varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver hjå ein viktig miljøaktør i Sogn
    Naudsynt opplæring, kurs og rettleiing
    Løn i.h.t. eigen lønstabell med pensjonsordning i KLP


Spørsmål om stillinga:

Spørsmål om stillinga kan rettast til direktør Hallvard Thomassen, tlf. 995 78 118.

SØKNADSFRIST: 06.08.21

www.simas.no

Søk her