Ytre Sogn er ei lokalavis med eit opplag på omlag 1400 aviser heime­høyrande i tett­staden Høyanger. Avisa er saman med kommunkasjons­byrået Finurlig del av eit nyetablert mediehus, og lanserte i januar 2021 ei ny utgåve av ytresogn.no.


Stilling ledig – journalist


Ytre Sogn søkjer ein journalist i full fast stilling som ønskjer å bidra til å skape ei lokalavis for framtida. Vi dekkjer primært kommunane Høyanger, Hyllestad og Gulen innan saksfelta nyhende, sport og kultur, og publiserer innhaldet vårt både på nett og papir.


Vi er åtte tilsette i mediehuset der kvar einskild har stor påverknadskraft og moglegheit til å forme sin eigen arbeids­kvardag. Hos oss vil du få ansvar, til dømes som vikarierande redaktør ved behov, men også fridom til å jobbe med eigne prosjekt og interesseområde. Du bør difor vere glad i å leite fram dei gode lokale historiene og nyhendene, gjerne i samspel med kollegaer.


Gjennom mediehus­etableringa med kommunikasjons­byrået Finurlig jobbar Ytre Sogn no aktivt med å skape eit så framtids­retta redaksjonelt produkt som mogleg. Vi ser difor etter deg som kan det journalistiske handverket, og som har lyst til å vere med på å utvikle nye typar innhald og formidlings­metodar.


I 2020 starta vi video­produksjon under merkevara YSTV, og gav ut magasinet «Julestemning i ytre Sogn». Som avis er vi uredde og vi har ambisjonar om å skape noko nytt samstundes som vi forbetrar det eksisterande. Vi søkjer difor deg som synst det høyres spanande ut å vere del av eit arbeids­miljø prega av høgt tempo, prosjekt­arbeid i tillegg til redaksjonelt arbeid, og mykje samspel og diskusjon.

 

Du er:

– Ein allsidig allroundjournalist.
– Nysgjerrig og evnar å finne vinklingar og saker som engasjerer.
– Initiativrik og evnar å jobbe sjølvstendig.
– God til å skrive nynorsk.
– Flink med kamera, og har ferdigheiter innan video og lydopptak.
– Innstilt på noko kvelds- og helgearbeid.

Du har:

– Førarkort kl. B og disponerer eigen bil.
– Relevant arbeidserfaring og/eller utdanning som journalist.

Du får:

– Konkurransedyktige lønnsvilkår.
– Gode pensjons- og forsikringsordningar.
– Stor fleksibilitet i arbeidskvardagen.
– Kollegaer som brenn for god lokaljournalistikk, og som ønskjer å utvikle eige produkt.

 

Søknadsfrist: snarast

 

Kontaktpersonar:

Dagleg leiar Stig Hovlandsdal Øvreås - [email protected] • 97 77 11 13
Avdelingsleiar Marianne Taule - [email protected] • 95 07 42 89
Redaktør May Britt Eide - [email protected] • 47 28 98 33