Ser du feilen på det nye skiltet på Høyanger sørside?

Det gjer i alle høve fleire innbyggjarar, og dei har no gjort Vestland fylkeskommune - som har ansvar for fylkesvegane og skiltinga av dei - merksame på det. 

Det manglar nemleg ein «r» i Østerbø Maskin.

Og fylkeskommunen lovar at feilen vil bli retta opp, slik at skrivemåten vert i samsvar med firmanamnet.  Det opplyser Susanne S. Aasen  ved Infrastruktur og veg i Forvaltning Vestland til Ytre Sogn.

Det nye skiltet står for øvrig på fv, 5442, i krysset på Søreide.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.