Seks vil ruste opp elektroutstyret i Vadheimstunnelen

Skrevet av
13.11.2020 12:00 - OPPDATERT 13.11.2020 14:00

Seks entreprenører vil ruste opp elektroustyret i Vadheimstunnelen.

Tilboda varierer frå 14 til 20 millionar kroner, melder nettstaden veier24.no. Det er vegeigar Vestland fylkeskommune som lyser ut oppdraget, som omfattar levering og installering av elektriske styrings- og kommunikasjonsteknisk installasjonar i tunnelen på fylkesveg 55. Eksisterande installasjoner og utstyr i og utanfor tunnelen skal også drivast og fjernast.

Desse seks hadde gitt pris på oppdraget då fristen gjekk ut 6.november:

* Mesta 13 990 129 kr
* Aventi Installation 16 522 871 kr
* OneCo Samferdsel 17 731 056 kr
* NLI Elektrosystemer 18 199 000 kr
* Roxel Infra 18 921 919 kr
* Largest Energy 10 683 655 kr

Tunnelen skal stå ferdig innan 1.juli neste år.