Seks positive koronatestar ved Havyard

Skrevet av
07.11.2020 11:04 - OPPDATERT 07.11.2020 13:04

Seks personar ved Havyard som sat i innreisekarantene har avlagt positiv prøve. Alle kom frå eit område med høg smitte.

Det melder Hyllestad kommune på heimesida si laurdag føremiddag.

- Alle dei positive er sett i isolasjon og det er gjort tiltak for å teste og sette nærkontakter i karantene. Ettersom dei positive sat i innreisekarantene har vi god oversikt på eventuelle nærkontaktar som vil kunne vere smitta.
Kommunen vurderer utbrotet til å vere avgrensa til eit område ved Havyard og ser det ikkje som naudsynt å innføre ytterlegare tiltak i samfunnet for øvrig.
- Sjølv om utbrotet ser ut til å vere avgrensa er det ei påminning om at smittetrykket aukar i heile samfunnet og at vi alle må følgje dei nasjonale retningslinjene med å holde avstand, avgrense dei ein har dagleg kontakt med og avgrense reiseaktiviteten til eit absolutt minimum. Det er beste måten vi alle kan gjere vårt i dugnaden og den beste måten for å prøve å situasjonen mest mogleg under kontroll når vi kjem nærmare jul, er kommunen si oppmoding.