Ryddeaksjon på Austreimsneset


Sist veka hadde Barnas Turlag på Kyrkjebø ryddeaksjon på badestranda på Austreimsneset.

- 21 store og små deltok, seier Lisbeth Hovlandsdal, som er leiar i Barnas Turlag Kyrkjebø.

Dette var tredje året på rad at Barnas Turlag hadde ryddeaksjon på Austreimsneset. Sist laurdag var det den offisielle strandryddeldagen, men onsdagen passa betre for medlemmene på Kyrkjebø, og difor valde dei denne dagen.

–Barnas Turlag har fokus på at vi skal ha det ryddig rundt oss. Vi prøver å fortelje dei verdien av det. Ungane ser at det blir liggande boss rundt om i naturen, dette tiltaket resulterer i at dei blir opptekne av å plukke det opp når dei er på tur. Vi ser også at dette er noko dei gjer når dei går på turar privat, og det er bra, seier Hovlandsdal.

Les meir i Ytre Sogn!