- Rimeleg bra kontroll over situasjonen


Hyllestad-ordførar Kjell Eide seier at dei har rimeleg bra kontroll over situasjonen etter at det vart kjent at det er påvist koronasmitte hos ein person i kommunen.

Fredag ettermiddag var det møte i kriseleiinga i Hyllestad kommune, der blant andre han, smittevernlege, kommunedirektør og einingsleicarar deltok.



- Vi hadde ein gjennomgang av situasjonen, med fokus på beredskapen, blant anna kor vidt den må justerast. Men akkurat no føler vi at det heile er under rimeleg bra kontroll. Vi kan ikkje vite om det veks, men førebels snakkar vi om eit mindre utbrot, seier Hyllestad-ordføraren til Ytre Sogn.



Det vert imidlertid framleis jobba med smittesporing.



- Personen som er smitta reiste kollektivt, og som ledd i smittesporinga ønskjer smittevern-legen å kome i kontakt med reisande med ekspressbåten frå Bergen, som gjekk av i Rysjedalsvika onsdag kveld. Det er for å skaffe full oversikt om kven han eventuelt var i kontakt med personen undervegs, seier Eide og fortel at det har ringt fleire.

-

Elles må det også nemnast at smittevernlegen har tett kontakt med Havyard, som virkar å ha handtert det heile bra, og fekk gitt tidleg beskjed om utbrotet. Så vi får håpe at de no roar seg, seier Eide.



Personen som er smitta er tilsett hos ein av underleverandørane til Havyard sitt verft i Leirvik. 



Vedkommande kom frå Polen og vart testa då han kom til Flesland onsdag 19. august. Prøven viste seg seinare å vere positiv, og personen er no sett i isolasjon.



Totalt er 51 personar i kommunen no i karantene. 49 av desse er sett i karantene som ein forholdsregel, i og med at det er usikkert om det har vore nærkontakt med den smitta eller ikkje.