50 prosent av all maten vi kastar i Sogn kunne vore ete. Tenk det! Halvparten av all maten vi får inn til SIMAS er etbar. Det er svære tal, seier direktør Hallvard Thomassen.

Resultata frå plukkanalysen sjokkerte SIMAS-direktøren

No har både han og SIMAS teke grep - og ønskjer at du også blir ein matreddar.


I haust gjennomførte dei ein plukkanalyse, der avfall frå privat hushald vart opna, analysert og sortert. Saman med Multiconsult jobba dei kvar dag i ei veke med å analysere avfallet, for å få betre kontroll på kva som kjem inn til dei.

Og tala overraska. Totalt sett er sogningane flinkare til å kjeldesortere. I 2014 kunne 75 prosent av restavfallet vore kjeldesortert. Desse tala er no nede i 50 prosent. Det som er sjokkerande, er at 30 prosent av restavfallet er mat. Og totalt er halvparten av all maten som kjem inn (både i restavfall og våtorganisk avfall) etbar. Altså skulle 50 prosent av alt matavfall aldri vore kasta.


Har teke grep
Thomassen ser at SIMAS må gjere noko, og han har starta med seg sjølv. Direktøren harspurt «Kva kan eg bidra med? Kva er utfordringa heime hjå oss?». Han har funne særleg tre ting:


– Det første er innkjøp. Når eg handlar er eg impulsiv, medan kona mi Solveig er flinkare til å halde seg til planen. Eg får nye middagsidear medan eg går i butikken. Difor har vi funne ut at ho må stå for det meste av matinnkjøp. Skal eg vere med, får eg ikkje vere impulsiv og ikkje starte med forhandlingar. Vi må halde oss til handlelista!

I tillegg til meir planlagde innkjøp, har Hallvard og kona fått gode rutinar på å nytte det som er i kjøleskapet.

– I dag blir det omelett til middag, då eit av egga våre har knust litt. Så har vi litt lauk og ost liggjande og sikkert noko anna som kan vere med i omeletten. Så vi er mykje flinkare til å bruke restar. Det er ikkje ein ingrediens ein ikkje kan finne eit bruksområde til.

– Det tredje er at eg har vorte meir bevisst på kor maten kjem frå. Eg ønskjer å vise respekt for alt arbeidet som ligg bak maten me har på bordet. Då skal det sitte langt inne å berre kaste maten, eg skal eta han opp.


Vil ned 10 prosent 
No ønskjer SIMAS å inspirere heile Sogn til å bli med. Difor er selskapet i gang med kampanjen «Bli ein matreddar».

– Vi ønskjer å setje fokus på matsvinn ved å inspirere. Vi ønskjer å få med sogningane til å dele tips og rutinar som gjer det lettare å nytte meir av mate og kaste mindre, fortel Thomassen.

SIMAS ønskjer å få ned andelen matavfall i restavfallet med 10 prosent i 2021.

– Dette er hårete, det er snakk om mykje vekt. Men ein kjem ikkje til månen om ein trur ein skal halvvegs. Vi må ha høge ambisjonar om det skal monne i den store samanhengen. Eg håpar verkeleg folk blir med oss på dette.


Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.