Ikkje langt herifrå, ved Litle-Urdaltunnelen på E39, blir det betongrekkverk. (Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen)

Rekkverk-kontraktar til 50 millionar

Statens vegvesen set opp om lag 60 kilometer nytt rekkverk på riks- og europavegar fleire stader i Vestland fylke. Prislapp: 50 millionar kroner.


Det er snakk om både utskifting av eksisterande rekkverk, og montering av heilt nytt.

Her blir det stålrekkverk:
* Rv 5 langs Lærdalselva på strekninga Lærdal – Erislett
* E16 mellom Gudvangatunnelen og Flenjatunnlen
* 39 mellom Breim og Sandane
* Rv 13 Vikafjell

Her blir det betongrekkverk:
* E16 Flåm
* E16 brusøyle ved Indre Arna
* E16 tre punkt mellom Langhelle og Stanghelle
* E39 Litle-Urdaltunnelen
* E39 Skaugsetstranda ved Hornindalsvatnet
* Rv 15 Stårheim ferjekai
* Rv 5 Ingafossen Sogndal
* Rv 5 Lundebotten på sørsida/Fjærlandssida av Fjærlandstunnelen
* Rv 13 Skarvabjørgtunnelen i Ullensvang, mellom Odda og Lofthus. Pluss tre punkt mellom Kinsarvik og Lofthus, og Storesvingen i oppstigninga frå Vik til Vikafjellet.

Arbeida vil finna stad i år og neste år.

På dagtid
Det er fleire årsaker til at Statens vegvesen set opp nytt rekkverk.
– Eksisterande rekkverk kan vere gammalt og slite. Det kan vera ulike grunnar til at det ikkje tilfredsstiller dagens krav. Og det kan vere plassar det ikkje står rekkverk i dag, som det bør vera rekkverk på, seier byggeleiar Jan Bremer Remø. 

Arbeida vil stort sett føregå på dagtid. Trafikkavviklinga i samband med stålrekkverk-arbeida vil stort skje i form av trafikklys, og det vil ikkje bli lang ventetid. På betongrekkverk er hovudregelen styrt trafikkavvikling med manuell dirigering og følgjebil, viss det er moglegheit for passasje. På smale parti kan det bli vegstenging.

– Vi har forståing for at vegarbeid kan vera krevjande for bilistane, men då er det viktig å minne om at vi gjer det for dei; for å ivareta trafikktryggleiken også i framtida, legg Remø til. 

Tett løp
Ein del av stålrekkverk-kontrakten er i gamle Hordaland. Her er Arendal-firmaet Veisikring AS entreprenør etter å ha levert eit tilbod på 22.896.300 kroner. Det var berre ein halv million billegare enn Arvid Gjerde AS, som kunne gjere jobben for 23.339.338 kroner.

I gamle Sogn og Fjordane var det endå tettare løp mellom tilbydarane på stålrekkverk-oppdraget. Her skilde under 100.000 mellom Mesta (21.450.817) og Arvid Gjerde AS (21.516.928 kroner).

To firma leverte tilbod på betongrekkverka. Arendal-firmaet Veisikring AS er entreprenør etter å ha levert eit tilbod på 4.191.220 kroner. Sirdal veibetong ga tilbod på 5.020.162 kroner.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.