Reagerer på kloakkutslepp i Daleelva


-Utslepp av kloakk i Daleelva har vore eit problem i mange år. Det er uhaldbart og eg håpar at kommunen no tek grep og gjer noko med dette, seier Johnny Ødegård til Ytre Sogn.

Gang- og sykkelvegen langs Daleelva i Høyanger er ein stad Johnny Ødegård går tur nesten kvar dag, og ofte har sett utslepp av kloakk kome ut i elva. I førre veke var han nok ein gong vitne til det, i utløpet som kjem ut litt nedanfor Høyanger Næringspark (tidlegare Fundo-bygget, red.mrk). 



Han posta nyleg eit innlegg med bilete på Facebook, som vekte stort engasjement. Mange har tydelegvis lagt merke til dette.



- Hadde dette vore forårsaka av privatpersonar hadde dei fått pålegg om å ordne opp. Så no håpar eg at kommunen vil gjere noko, seier han.

Han fortel at det er når vassføringa er ganske lita at det er enkelt sjå kloakk og toalettpapir som ligg nede på botnen blant steinane. Er vassføringa derimot høg er det nesten ikkje mogleg å sjå.



Ifølgje Ødegård var vassføringa i elva liten den dagen utsleppet vart oppdaga (Foto: Privat)

Leiar for drift og vedlikehald Olav Nordgulen i Høyanger kommune forklarar det med at avlaupsnettet deira er gamalt og underdimensjonert. 



-I samband med mykje nedbør, nedtapping av magasin i fjella og full produksjon i kraftstasjonane får vi auka vassføring i elvane, som fører til høgare grunnvasstand og meir innlekk i røyrsystema, forklarar han.



-Men det er enorme investeringar og tek mange år å få skifta ut alle dei dårlege kloakkrøyra, Difor er det heller ikkje noko enkel og rask løysing på dette, seier han.

Les meir i siste Ytre Sogn!