Protesterer mot vegnamn


– For oss har dette alltid vore Fjordsvegen, og slik var det også før vår tid. Så kvifor skal vi no byrje å kalle den Stordalsvegen? spør Jon Nesheim og Egil Førde.

Dei bur begge langs vegen som no er førslått skal bytte namn til Stordalsvegen. Det likar både Jon Nesheim og Egil Førde og dei to andre berørte oppsitjarane på Hest ved Bjordal dårleg.

Masfjorden kommune, i nabofylket Hordaland, har vedteke å bruke namnet Stordalsvegen på vegen på andre sida av fjellet, frå avkøyringa av E39 ved Matre og like opp til krysset ved avkøyringa til fjellstova i Stordalen. No kan Høyanger kommune velje å gjere det same med vegen på andre sida av fjellet, frå krysset og ned til Hest, nede ved fjorden.

– Denne vegen er allereie inndelt i to ulike vegnummer. Frå Hest til Stordalen er det Fylkesveg 92 og frå Stordalen til Matre er det Fylkesveg 381. I og med at vegen allereie er delt i to kan det vere naturleg at vi følgjer kommune- og fylkesgrensene også ved namnefastsetjing, seier Nesheim og Førde til Ytre Sogn.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!