Prosjektleiar strategi og utvikling

 

Pro Vestland opplæringskontor er eit bransjekontor for teknologi- og industrifag, sals- og administrasjonsfag og medieproduksjonsfag. Den viktigaste oppgåva til stiftinga er å rekruttere og følgje opp lærlingar og lærebedrifter. Pro består av eit mangfald av medlemsbedrifter i heile Vestland fylke og handterer om lag 150 lærlingar i året. Målet er at talet lærlingar skal vera 300 medio 2025. Pro Vestland opplæringskontor er ei non-profitstifting som vart oppretta i 1997.

Vil du vere med å forme framtidas arbeidskraft?
Pro Vestland opplæringskontor søkjer ein sjølvstendig prosjektleiar, som kan styrke Pro si strategiske satsing på lærlingordninga og leggje til rette for at fleire lærebedrifter gjev ungdommar eit springbrett ut i yrkeslivet.

Prosjektleiaren får ei heilt sentral rolle i å sikre auka rekruttering av lærlingar og lærebedrifter. Innan sommaren 2025 er ambisjonen vår at vi har 300 lærlingar i våre lærebedrifter. Målet er at Pro er fyrstevalet av opplæringskontor for bransjane industri/teknologi, sal og administrasjon og medieproduksjon – og kan hende også andre bransjar.

Vi ser etter deg som har prosjekterfaring, gjerne der fagopplæring og kompetanseutvikling har stått sentralt. Du har kanskje fagbrev sjølv frå eit av Pro sine fagfelt, eventuelt erfaring frå anna form for næringsutvikling, sals- og marknadsarbeid eller frå utdanningsfeltet.

Vi ser etter deg som er flink til å samarbeide, er gjennomføringsdyktig og som evnar å tenkje nytt og kreativt om løysingar som gjer at Pro når sine strategiske mål. Du er omgjengeleg og kommuniserer godt. Du er motivert for å jobbe for lærlingordninga og selje denne inn til føresette, elevar og bedrifter.

Stillinga er ei i første omgang ei prosjektstilling fram til sommaren 2025. Det kan vere moglegheit for fast tilsetjing. Arbeidsstad er hovudkontoret i Førde, men jobben kan også utførast fra andre stader i fylket. Ein del reiseverksemd i regionen må ein rekne med. Prosjektleiaren rapporterer til dagleg leiar Jorunn Kirketeig.

For spørsmål om stillinga, kontakt Visindi ved Roy Tore Lysen Jensen på tlf. 909 20447, Lena Haveland på tlf. 482 60 769 eller Tonje Støver Knutsen på tlf. 477 10 611.

Registrer CV og søknad via «stillinger» på Visindi.no snarast og seinast innan 22.5.2022. Alle førespurnadar vert behandla konfidensielt, om ønskeleg også ovanfor vår oppdragsgjevar i innleiande fase.

Saken fortsetter under annonsen.
[annonse]
 

Arbeidsstad Vestland

 pro.sf.no