Positiv koronatest på Kyrkjebø skule. Resten av klassen har testa negativt.

Ein elev på Kyrkjebø skule testa i dag positivt på ein koronatest.


– Vi har testa heile klassen med hurtigtestar, og dei kom alle tilbake negative, seier kommuneoverlege Kristine Brix Longfellow til Ytre Sogn torsdag morgon, dagen etter at den positive koronatesten vart kjend.

Då er ho på veg til møte, der ein blant anna skal planleggje testregimet framover.

– Så utover det er det ingenting nytt i høve til i går, seier ho.  

Etter opninga av landet, er det no opp til kvar enkelt kommuneoverlege kva tiltak dei vel å gjere i slike tilfeller.

Longfellow fortel at ho vel å følgje den strategien som regjeringa hadde innført i forkant av opninga, noko som vil sei at dei ikkje sender elevane heim frå skulen i første omgang.

– Den strategien som var i september før landet opna igjen, sa at vi tester barna første, tredje og femte dag, men vi sender ikkje barna heim. Dei skal leve som normalt. Sjølv om denne strategien ikkje gjeld lenger og det er opp til kvar enkelt kommuneoverlege, vel vi å bruke den strategien, seier ho.

Det var tidligare ein positiv test ved Høyanger skule, og då var det ingen av dei andre elevane i klassa som vart smitta.

– Vi håpar vi har flaks denne gangen, òg. Smitten er er stigande, men vi vel altså sjølv kva strategi vi vil bruke. Då må vi sjå kva som skjer, og så finne ut kva vi vil gjere.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.