Positiv koronaprøve i Høyanger


Helse Førde analyserte i går 314 koronaprøvar, og tre var positive. Dei positive prøvane var tekne i Aurland og Høyanger, opplyser helseføretaklet på heimesida si.

– Høyanger kommune har hatt besøk av ein smitta person. Personen er ikkje heimehøyrande i Høyanger kommune og er smitta utanfor kommunen. Den smitta oppheld seg ikkje lenger i kommunen., opplyser Høyanger kommune på nettsida si 

Som følgje av smittesporing er ein person sett i karantene. 

I perioden måndag 23.08. klokka 2200 til og med fredag 27.08. klokka 1200 har den smitta vore gjest på Øren Hotel. Naudsynte smittevernverntiltak er sett i verk på hotellet.

– Kommunen og hotellet har kontroll over situasjonen, opplyser dei.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.