Poengdeling på Fosshaugane

Skrevet av
22.11.2020 18:34 - OPPDATERT 22.11.2020 20:34

Det enda 2-2 då gutelaga til Sogndal 1 og Høyang møttest til andre KM-finale på Fosshaugane Campus søndag.


Den første vann laget frå Sogndal 4-0. Dermed kan dei også titulere seg som krinsmeister for G15/17, etter 2-6 samanlagt.



- Vi hadde eit håp om å snu det og vi fekk også eit tidleg mål, etter berre to minutt. Men det var langt mellom sjansane, og vi greidde ikkje å setje dei vi fekk, seier Høyang-trenar Marius Varden Fossen i ein kommentar til Ytre Sogn.



Mot slutten av omgangen gjorde Høyang nokre feil som førrte til at heimelaget utlikna til 1-1. Det var også pauseresultatet.



- Dei gjekk opp i leiinga 2-1 då vi hadde ein mann utvist. Etter kvart gav vi litt opp, men klarte å redde eit poeng heilt på tampen og øydela med det litt av festen, seier Fossen, som tykkjer at dei - etter omstenda - gjorde ein bra figur på Fosshaugane Campus.



Begge måla til Høyang vart skåra av Gaute Virkesdal Bråstad.