Papiravisa forseinka - avisbodet er no på veg til postkassa di

Ein feil med distribueringa til Ytre Sogn har ført til at dagens utgåve av papiravisa er forseinka.


Avisa som eigentleg skulle komme med avisbodet i går kveld, har som mange har merka ikkje dukka opp i postkassa til abonnentane våre.

No har ting komme på stell, og avisbodet er ute og leverer aviser, og alle skal etter planen ha fått onsdagsavisa i postkassa i løpet av dagen.

Vi beklagar til dei som no sit og ventar på lesestoff.