Pålegg Nyrstar å lage avslutningsplan


Miljødirektoratet varslar no at dei vil påleggje Nyrstar Høyanger å lage ein avslutningsplan som skildrar korleis dei skal avviklast.

- Den skal gi opplysingar om bedrifta sin plan for kva tiltak dei gjer for å ta hand om råvarer, kjemikaliar og farleg avfall på ein forsvarleg måte. Den skal og skildre planen deira for oppfølging av deponi og eventueltforureina grunn. I tillegg bør den innehalde opplysingar som vi treng for eventuelt å trekke løyvet, går det fram av brevet seksjonsleiar Ragnhild Orvik i Miljødirektoratet no har sendt Nyrstar Høyanger, med kopi til Høyanger kommune og Fylkesmannen i Vestland.


Brevet kjem etter at Nyrstar har informert direktoratet om at verksemda deira i Høyanger skal leggjast ned.

Orvik opplyser at dei vurderer å setje frist til 9.oktober for å sende inn avslutningsplanen til dei.

- På bakgrunn av innsendt avslutningsplan vil vi så vurdere å stille krav til avslutnings- og opprydningstiltak, skriv ho.

Planen må som eit minimum innehalde informasjon om blant anna:


*Korleis råvarer, kjemikaliar, farleg avfall med meir vil bli handtert.


*Tiltak som vert gjennomført i samband med rengjering av utstyr og lagringstankar, samt tiltak som vert gjort for å ha kontroll med utslepp i nedkøyringsfasen.


*Korleis bedrifta vil følgje opp arbeidet med avslutning og etterdrift av deponiet på Storeseten.


*Eventuelle planar for framtidig arealbruk, og miljømål for området med moglege helse- og miljøkonflikter.


*Vurdere sannsynlegheit for om grunnen kan ha blitt forureina i løpet av åra med drift, og om det eventuelt foreligg opplysningar om tidlegare forurenining på industriområdet før anlegget vart etablert. Vurdere om det må gjennomførast undersøkingar av forureina grunn.



*Kor vidt bedrifta søkjer om å trekkje løyve, om den ønskjer å behalde løyve i tilfelle det oppstart på eit seinare tidspunkt, eller om anlegget skal seljast og overførast til anna selskap.



*Oversikt over framdrifta for avslutninga.