– Kommunalsjefen for helse og omsorg har sagt opp stillinga si, og vi har no lyst ut stillinga, fortel kommunedirektør i Høyanger Ørjan Haram til Ytre Sogn.
Dermed må Høyanger kommune for tredje gong sidan 2020 lyse ut stillinga som kommunalsjef for helse og omsorg. Ingunn Indrebø slutta i stillinga like før årsskiftet i 2021, og sidan den gong har Hildegunn Valland hatt jobben i ein kort periode, medan Åse Iren Korneliussen har hatt stillinga sidan 1. februar 2022. Toril Varden har også fungert som konstituert helse og omsorgssjef når stillinga har stått ledig i denne perioden. – Er det no eit ønske om å få kontinuitet i denne stillinga? – Det som er viktig for oss er å tilsette ein dyktig kommunalsjef for helse og omsorg som tenker på heile utfordringsbildet som vi har innanfor sektoren, seier Haram. OmorganiseringI 2021 starta også eit omorganiseringsarbeid innan helse- og omsorgsektoren i Høyanger kommune etter at ein rapport frå PwC konkluderte med at det ikkje ville vere økonomisk berekraftig å levere tenester etter den førre modellen. Denne omorganiseringa vart så set på vent etter at store delar av den nye organiseringa var implementert i praksis. Det er også i dag eit stort meirforbruk innan kommunesektoren, og kommunedirektøren medgir at dette er ei krevjande stilling.
Det er foreløpig ikkje klart kven som vil fungere som leiar for helse og omsorg i kommunen fram til ein ny er tilsett i stillinga.