Skal kartleggje vestlandsfjordar

For å betre kunnskapen om botnfisk- og skalldyrførekomstar i dei gamle rekefelta, gjennomfører Havforskningsinstituttet eit 16-dagars kartleggingstokt i vestlandsfjordane.


 Det skjer med den innleigde reketrålaren Brattholm..

– Kunnskapen om økosystemet i vestlandsfjordane er mangelfull, og noverande bestandsstatus og utbreiing til reker og kysttorsk er ukjent, skriv dei i ei pressemelding om bakgrunnen for kartleggingstoktet.

.Det vil skje i perioden 15.-30. november.

Toktet skal dekke fjordar og kyststrøk frå Bømlafjorden i sør til Stad i nord. 

– Fastståande reiskapar som krepseteiner kan bli ei utfordring for gjennomføringa av toktet om desse står på tvers av rekefelt. Havforskningsinstituttet kan ikkje påleggje fiskarar å fjerne reiskap. Gode resultat avhenger imidlertid av ei god toktdekning, og vi spør difor fiskarar med fastståande reiskap om det er mogleg å fjerne desse i dagane toktet er i deira område, skriv dei i ei pressemelding

Med atterhald om vêrforholda; Brattholm vil opphalde seg i følgjande område i desse tidsperiodane:
* 16.-17. november: Bømlo, ytste del av Hardangerfjorden

* 18.-20. november: Austevoll, Sotra, Øygarden, Osterøy

* 21.-22. november: Fensfjorden, nord for Sognesjøen

* 23.-30. november: området mellom Sognesjøen og Stad

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.