Annonsørinnhald:

Overveldande positive tilbake­­meldingar for Larsgarden Tunhotell

Responsen frå marknaden har vore så god for Larsgarden Tunhotell at vert Janne Elin Osland snart må flytte ut.



Denne artikkelen er produsert på oppdrag for Høyanger Nærings­utvikling. Ytre Sogn sin redaksjon har ikkje hatt noko rolle i produksjonen og publiseringa av dette innhaldet.
I mai 2020 etablerte søstrene Janne Elin og Heidi-Kathrin Osland Larsgarden Tunhotell på slektsgarden ytst ute på Berge. Ingen av dei hadde nokon erfaring med overnattings- og serveringsbransjen, og med full jobb og meir til for begge var etableringa eit vågalt steg å ta. Men drivkraft hadde dei i fleng, og eit sterkt ønske om å bygge noko langvarig, berekraftig, og med kvalitet i alle ledd av opplevinga. No to år etter kan søstrene konstantere at Larsgarden Tunhotell er liv laga, og dei byrjar å hauste fruktene av all innsatsen dei har lagt ned.

– I starten var det ekstremt mykje som måtte ordnast og papirarbeid som måtte gjerast, men no har vi gått inn i ein ny fase sidan mykje av fundamentet og konseptet har kome på plass. Det er framleis svært mykje å gjere, og vi er langt frå i mål enno, men arbeidet har tatt ei anna form no når vi har kome i gang med meir ordinær drift. 

Gjesteboka til Larsgarden Tunhotell byrjar å bli fylt opp med overveldande positive tilbakemeldingar. Mange gjestar kjem igjen, og nye kjem stadig til. Det skapar eit godt grunnlag for vidare drift og utvikling.

Ete først
Denne sesongen tilbyr søstrene Osland gjestane sine ulike typar servering. Dei har lukka lag for grupper, og open restaurant ein gong i månaden med moglegheit for reservering av bord for to personar. Dei har og prøvd andre konsept som ettermiddagste. Overnatting vil kome i neste fase, og planane om 5 til 7 hytter – eller rom som søstrene kallar det – i bakkane under gardshuset lever framleis i beste velgåande. Målet på sikt er å skape to arbeidsplassar, og for å realisere det må overnattinga kome på plass.

– Vi er opptekne av å ta den tida som trengs for å vere sikre på at løysingane vi går for er dei rette med tanke på konseptet og kostnad. No har vi hatt mest fokus på serveringsbiten, men vi jobbar med overnattingsplanane og, så det blir neste steg. Vi trur at vi skal klare å vere i gong med eit overnattingtilbod i løpet av dei neste to åra. Det er fleire prosessar vi må igjennom der, og ein av dei blir å finne ein ny stad for Janne Elin å bu, for vi har og planar om å leige ut gardshuset som er heimen hennar i dag.

For Janne Elin sjølv har dei siste to åra med oppbygging av Larsgarden Tunhotell sitt tilbod vore fylt med mykje læring og modning.

– Det har vore litt rart å opne heimen sin for andre på denne måten, og nytte den som serveringsstad og etter kvart og overnattingsstad. Så det har vore ein modningsprosess for meg. Å finne min måte å vere vertskap på har og vore noko eg har jobba med, og funne mykje meistringsfølelse i. Og så er det sjølvsagt dei meir praktiske tinga, som til dømes korleis vi organiserer kjøkkenet og gjennomfører innkjøp for å vere mest mogleg kostnadseffektive.

Heidi-Kathrin, som er travelt oppteken med fleire høgprofilerte oppdrag for arkitektkontoret hennar i Sogndal, og som omtalar seg sjølv som «vaktmeister» på garden, gir søstra mykje skryt for korleis ho har takla den nye rolla.

– Eg er ekstremt imponert over Janne Elin som har vekse rett inn det å vere vertskap. No i sesongen er det svært travelt for ho med full jobb i vekene og mykje aktivitet på Larsgarden i helgene. Da blir det lite tid til overs, men ho klarer alltid å vere trygg i rolla og skape dei gode opplevingane for dei som besøkjer oss. Vi er opptekne av at bedrifta ikkje skal ete oss opp, og at vi lagar ordningar som skapar ein berekraftig arbeidskvardag, så det er noko vi har i bakhovudet når vi organiserer og planlegg aktiviteten vår.

Kjøkensjef Pernille Baatard tryllar fram herlege smakar av kortreiste ingrediensar på Larsgarden.

Som med maten er det og lite å utsette på utsikta på Berge.

Aukar kapasiteten
Det gjennomtenkte konseptet, hyggjelege vertskapet, den rolege atmosfæra, flotte lokaliteten og dei unike smaksopplevingane har i kombinasjon gjort Larsgarden Tunhotell til ei smått skjult perle i Sogn. Men ryktet har byrja å spreie seg, og dei positive tilbakemeldingane strøymer på.

– Vi har ikkje byrja å marknadsføre oss enno da vi har hatt utfordringar med kapasiteten, men vi gjer no nokre nye investeringar på kjøkenet som lar oss servere 20 til 25 gjestar på same tid. Pågangen vi no har kjem av at folk som har vore gjestar hos oss tilrår oss til andre, og dei ønskjer ofte å kome tilbake sjølv og.

Larsgarden Tunhotell er ei familiebedrift der både eldre og yngre generasjonar er involvert. Foreldra til Janne Elin og Heidi-Kathrin, Gerd og Einvald Osland, har fått «jobben» som gartnarar.

I ein ledig augneblink innimellom all poseringa for fotografen får Janne Elin ei lita innføring i korleis det har gått med vinrankene på garden gjennom vinteren. På Larsgarden har dei eit langsiktig perspektiv, og lar ting ta den tida det treng.

Dei to søstrene har tett kontakt, og speler på styrkene til kvarandre i oppbygginga av Larsgarden Tunhotell. I starten brukte dei mykje tid og tankekraft på å finne identiteten og profilen til Larsgarden, medan no har fokuset skifta meir mot praktisk problemløysing og arbeid mot neste steg i diverse planar.

– I denne fasen handlar det mest om å «finpusse juvelen». Vi er trygge på at vi er på rett veg, både fordi vi sjølv kjenner at dette konseptet er rett for kva vi ønskjer å oppnå, og fordi tilbakemeldingane vi får frå gjestane er så gode. Vi får og god hjelp både frå born og foreldre til det praktiske, og det er veldig kjekt å kunne bygge dette saman.

Men det er ikkje berre frå dei næraste at Larsgarden Tunhotell får hjelp og støtte. Dei har sidan starten vore inne i eit prosjekt hos Innovasjon Norge som snart skal sluttførast, og dei har gode ressursar og allierte i folk som Toril Partenyi i Wonderlust, som sit i styret. Dei har og mange lokale leverandørar som dei samarbeidar godt med.

– Vi prøver å gjere ting i rett rekkefølge, og tar ingen snarvegar. Det trur vi vil løne seg på sikt. I slike prosessar er det gull verdt å ha kompetente folk rundt seg som ein stolar på og som ein kan spørje om råd, så vi knyter fortløpande til oss folk i kontaktnettet vårt som kan hjelpe oss med å ta stadig nye steg. Vi er fint i rute så langt, og vi gler oss til fortsettinga her på Larsgarden Tunhotell.

Mykje godt humør, eit berekraftig konsept, og ein familie som jobbar saman mot felles målsettingar er blant nøkkelfaktorane bak suksessen til Larsgarden Tunhotell.