Østerbø-, Østrebø-, Øysterbø-, Øystrebø-, Ysterbø- eller Ystrebøvegen?


Kva namn skal vegen frå Søreide og opp langs Østerbøvatnet få? Det er teoretisk fleire tenkelege alternativ slik det går fram av overskrifta.

I følgje §4 i Lov om stadnamn «skal det ved fastsetjing av stadnamn takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen». Noko av utfordringa med å skrive ned den lokale dialekten er at den lokale dialekten har fleire meiningsskiljande vokallydar (fonem) enn det er vokalteikn i alfabetet. Den lokale dialekten på Søreide, Østerbø og Sørebø har tre vokallydar som ligg nokså nær kvarandre, men berre to av dei har eit vokalteikn (bokstav) som er naturleg å bruke, nemleg ø og y. Det tredje vokalfonemet ligg ein stad mellom ø og y. Vi kan her i dette innlegget markere den vokallyden med teiknet (bokstaven) #. # møter vi i mange ord, for eksempel s#lje ( skrive som sølje eller sylje), m#lse (skrive som mylse), h#l (høl, dvs. kulp i bekken), f#l (kan bety to ting, substantivet føl – ung hest – eller verbet fyl) osv. Det er massevis av eksempel. Vokallyden, fonemet, # vert i mangel av å ha eit eige bokstavteikn skriven dels med bokstaven ø og dels med bokstaven y, men den vert aldri attgjeven som ein diftong (øy).

Dersom vi så går til dei lokale stadnamna på Sørsida av Høyanger kommune, vart desse i den lokale dialekten i min barndom uttala slik: s#rrbø (Sørebø) – med kort #, s#reie (Søreide) - med lang #, s#r (e)vikane (Sørevik)- med lang # og #strebø (Østerbø) med kort #. I alle desse døma har skrivemåten for # landa ned på bokstaven ø. Ofte slit tilreisande med å høyre skilnad på desse aktuelle vokalfonema. Der ein i lokaldialekten seier #, kan ein som kjem frå ein annan stad høyre ø, eller y eller øy – alt ettersom. Og når ein så skal skrive ned det ein høyrer vert uttala lokalt, kan skrivemåtane verte noko ulike. Det er også viktig at måten desse vokalfonema vert uttala på forandrar seg frå bygd til bygd. Ein skal ikkje bevege seg lenger vekk enn 2 mil lenger vest til Ikjefjord før vokalane vert uttala noko annleis.

Lokalt har ein landa ned på å attgje fonemet # med bokstaven ø i fleire stadnamn. Det trengde ikkje nødvendigvis ha vorte slik, men denne praksisen synest å ha vore rimeleg konsekvent attende til 1600-talet. For å fasthalde ein skriftttradisjon som er minst 400 år gamal, bør vegen byrje med bokstaven ø, ikkje øy eller y.

Kva så med resten av namnet? I den dialektforma som besteforeldra mine gav meg, har det skjedd ei rokering av konsonantar (metatese). Dei sa ikkje #sterbø, men #strebø, men det er langt frå sikkert at dette er det opphavlege. Det er nok heller ikkje sikkert at alle for 70 år sidan sa #strebø, nokre sa truleg #sterbø. Metatese (ombyting) er eit fenomen som ofte ikkje er konsekvent gjennomført i dialektane. Nokre her seier at vatnet er friskt og andre seier at vatnet er frikst.

Skrivemåten Østrebø er belagt attende til 1700-talet, men skrivemåten Østerbø synest å vere meir vanleg også på det tidspunktet og var den som vann terreng. Er det då mest historisk korrekt å skrive Østrebø eller Østerbø? Det kan sikkert diskuterast. Men det bør vektleggjast at det var Østerbø som for ei par hundre år sidan vart valt som skriftnorm. At ulike kartteiknarar og namnesamlarar med avgrensa lingvistisk kompetanse etter beste evne har nedteikna andre skrivemåtar, ville eg ikkje leggje avgjerande vekt på.

Eg minner også om at namnelova seier at det bør vektleggjast at ein skrivemåte har vore lenge i bruk og er vel kjend og innarbeidd. Østerbø om bygda er innarbeid skrivemåte over århundre, og det ville vere heilt unaturleg å gje bygda sitt namn ein annan skrivemåte når ein legg til ordet «veg».

Eg har forståing for at bygdefolket protesterer på dette. Frå ein språkvitskapleg ståstad har dei faktisk dekning for sitt synspunkt.

Dersom Østerbøvegen ikkje vert godkjent, er Sørebøvegen det mest nærliggjande alternativet. Sørebø-namnet har alt fått plass på eit par vegskilt. Men dersom ein skulle nytte same resonnement i godkjenningsprossen i høve til namnet Sørebø, så kan nok ikkje skrivemåten Sørebø heller godkjennast. Søreidevegen er heller ikkje i samsvar med gamal lokal uttaletradisjon. Sørsidevegen er heller ikkje perfekt skrivemåte. Skal ein vere konsekvent, så er det nok mange vegskilt som må reviderast.