Ortnevik Tre er i ferd med å vekse ut av lokala


- Vi kunne teke på oss meir arbeid, og tilsett endå fleire, men inntil vidare set plassmangel ein stoppar for det, seier Thomas Dyrrdal (27) hos Ortnevik Tre til Ytre Sogn.


Produksjon av klatreveggar til heile landet er blant det som har bidrege til ein solid inntektsauke for bedrifta på Høyanger sørside.

Siste par åra har nemleg bedrifta som i ei årrekkje har levert innreiing til båtar utvida produksjonen til også å omfatte klatreveggar. Dei lagar frontpanelet til veggane for Tjelmeland Friksjon på Sotra utanfor Bergen, som er landets største på området.


Til no har det blitt 15-20 klatrevegger, frå små på 25 kvadratmeter, til store på 3000 kvadratmeter. Og det held fram med å eskalere. 


- Vi har blitt spurde om vi kan gjere meir av arbeidet med platene før dei skal ut og montere dei, som til dømes å lakkere dei. Men enn så lenge har vi måtte setje det på vent på grunn av plassmangel, seier Thomas Dyrrdal til Ytre Sogn.

Ortnevik Tre lagar no frontpanelet til klatreveggane for Tjelmeland Friksjon på Sotra utanfor Bergen, som er landets største på området.


Difor er bedrifta no i gang med ein prosess der ein ser på utviding.


- Vi ser på ulike alternativ. Eitt er felles næringsbygg med andre bedrifter i Ortnevik, med bakgrunn i ønskje om eit større, felles arbeidsmiljø. Eit anna er å rive delar av lokala her oppe, for så å byggje nytt, seier Thomas og peikar på at dei består av fleire bygg, og at arbeidet foregår på ulike nivå.

Det gjer det heile upraktisk.
Sjølve verkstaden er på rundt 300 kvadratmeter. I tillegg kjem arealet i fjøs og på låve.


- Vi har også behov for nye, større rom for dei tilsette. Difor har vi ønskje om eit areal på rundt 1500 kvadratmeter, seier han.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!