Oppmodar til ekstra innsats for å få ned smitten

Onsdag er det registrert 21 nye smitta i Sogndal kommune. Dei oppmodar no til ekstra innsats for å få ned smitten.


Sogndal kommune tilrår følgjande, i første omgang fram til torsdag 2. desember:

* Bruk munnbind der det er utfordrande å halda avstand.
* Reduser talet på nærkontaktar.
* Hald avstand der det er mogleg.
* Unngå arrangement der det ikkje er mogleg å halde avstand.

I tillegg kjem dei generelle smittvernråda om å vaska hender, halda deg heime om du er sjuk og testa deg.

Det melder kommunen på nettsida si.

Alle delar av kommunen
- Det er viktig å kunne halde oppe tenestene våre, og i lys av det vel kommunen no å gje tydelegare råd om korleis folk kan møte smittesituasjonen, seier ordførar Arnstein Menes.

Han fortel at folk er flinke til å gjere det dei skal i den situasjonen ein er i, både ved å teste seg og melde frå. Han ber no alle om å vere med på dugnaden for å få ned smittetala.

Sogndal kommune har opplevd ein vesentleg auke i talet på koronasmitta den siste tida, og dei seks siste dagane er det registrert 44 nye smitta i kommunen.

Onsdag vart det påvist 8 nye smitta i Balestrand, 2 på Leikanger, 10 i Sogndal og 1 i Fjærland, og det er smitte i fleire kommunale institusjonar.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.