Oppgraderer butikklokala i Høyanger


I løpet av oktober vil Vinmonopolet sine butikklokale i Høyanger bli oppgradert.

- Det betyr mellom anna heilt ny innreiing i butikken. Dei gamle mørkebrune hyllene og skiltene skal ut, og blir erstatta med nye, lysare. Det vil også gjere lokala trivelegare, både for oss som jobbar her og kundane våre, seier butikksjef Bjørn Kristian Sunde til Ytre Sogn.



Dei vil også endre kasseområdet.


- I dag legg det beslag på omtrent ein tredjedel av lokala, som er på knappe 50 kvadratmeter. No blir det flytta nærmare veggen, som vil gje meir plass i sjølve butikken. Det betyr også meir hylleplass, seier han og peikar på at Vinmonopolet sine butikkar i kategori 1 og 2, som Høyanger tilhøyrer, har eit fast sortiment.


- Kundar etterspør gjerne varer utanom fast sortiment, men avgrensa hylleplass gjer plassering i butikk vanskeleg. No blir det enklare å få til, seier han.


Les meir i siste Ytre Sogn!