Konstituert formann i Høyanger Båtforening Lars-Petter Presthaug meiner Høyanger kommune bør kjenne si besøkstid, og ta aktive grep for å løfte småbåthamna og områda rundt i tettstaden til eit nivå som gjer den tryggare og meir attraktiv. No ventar han på ein telefon frå ordføraren.