Rundt om i landet er det varslingsanlegg med sirener som skal varsle befolkninga ved akutt fare. Signala testast to gongar i året. Foto: DSB.

Onsdag klokka 12 testar Sivilforsvaret varslingsanlegga sine

Onsdag 11. januar klokka 12.00 testar Sivilforsvaret signalet «viktig melding». Signalet betyr at du skal søke informasjon i for eksempel radio, tv, aviser, på myndigheitene sine nettsider og i sosiale media.


Sivilforsvaret testar alle varslingsanlegga i landet fast to gonger i året, klokka 12 den andre onsdagen i januar og juni. Signalet «viktig melding» sendast i tre seriar, med eit minutt opphald mellom seriane.

Varsle befolkninga ved akutt fare
Rundt om i landet er det sirka 1 250 anlegg som skal varsle befolkninga ved akutt fare. Varslingsanlegga kan bli brukt både i fred og krig.

– I fredstid kan varslingsanlegga blant anna brukast ved industriulykker med utslepp av giftige eller farlege stoff. Medan i krig kan anlegga brukast ved fare for angrep, skriv sjef for Sivilforsvaret Øistein Knudsen jr, på sivilforsvaret sine nettside.  

Sivilforsvaret testar varslingsanlegga for å sjekke om dei fungerer, og reparerer dei som ikkje gjer det.  

– Varslingsanlegg er stort sett plassert i byar og tettstader, og signala kan høyrast av litt over halvparten av befolkninga, skriv Knudsen jr.

Sivilforsvaret er underlagt DSB (Direktoratet for Samfunnsikkerheit og beredskap) og har ansvaret for å etablere, vedlikehalde og drifte varslingsanlegga. Politiet har ansvaret for å utløyse varsling i fredstid.

Naudvarsel på mobil
DSB og Sivilforsvaret har saman med Politiet, Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit og mobiloperatørane nyleg levert ei løysning for mobilbasert befolkningsvarsling. Denne gjennomgår no tekniske testar i utvalde områder.

I tida framover skal det gjennomførast ei rekke informasjonsaktivitetar knytt til dette nye mobilbaserte varslingssystemet, slik at befolkninga blir kjent med kva dette er og korleis det skal brukast. Befolkningsvarsling på mobil vil difor ikkje bli testa onsdag 11. januar.