Namn: Karl Henning Fimreite HatlestadArbeid: Miljøarbeidar
Bustad: Bergen
– Eg reiser for det meste til Høyanger. Du kan sei at eg berre reiser frå heim til heim. – Kvifor?
– Kvifor ikkje? Det er veldig godt å ikkje ha nokon planar. Eg har hatt mange moglegheiter til turar, men eg føler ikkje på nokon trong til å reise andre stader, eg har alt eg treng i Bergen og Høyanger. – Nemn tre sjåverdigheiter folk bør få med seg der?
– Eg har ikkje noko spesifikt å komme med. For meg er det viktigaste å kunne legge frå seg stress og ikkje trenge planar for å kunne kose seg. Som kjærasten min har sagt; «nesten alt kan være ein sjåverdigheit, det spørst berre kva du legg i det». Og må du sjå noko, så kan du berre sjå det på internett. – Eit godt restauranttips?
– Det var eit vanskelig spørsmål. Eg kan heller sei at det må vere riktig toneleie, du må gå ein plass med god atmosfære og kunne legge frå deg pengestress. Det spelar nesten ingen rolle kor du går, du må berre tillate deg å ete godt. – Turistfellene ein bør unngå?
– Nei, om du ser ein ost under ein boks - styr unna. – Kva souvenir bør ein ta med seg heim?
– Om du absolutt må ha med deg ein souvenir heim så må det vere noko du ikkje vegrar deg for å kaste i boss. – Neste stad du planlegg å reise på ferie?
– Neste feriemål er då det å bli Gæst i Balestrand.